Skal støype 30 timer i strekk

30 timars samanhengande støyping av fundament for brutårnet på Vallaviksida er i gang.

Les også:

Arbeidet med Hardangebrua gjekk i går inn i enda ein ny fase.

- Vi skal ikkje ha støypeskøytar i fundamenta. Difor blir heile fundamentet støypt utan opphald, forklarer kontrollingeniør Håkon Matre i Statens vegvesen.

Han er byggherren sin mann på riggområdet i dag, og ser til at betongentreprenør Veidekke utfører arbeidet slik dei er blitt samde om.

Store dimensjonar
Betongbilar køyrer i skytteltrafikk frå blandeverket i Smedvika. Dei første tre kubikkmetrane inneheld glidemiddel for å smørja røyrsystemet innvendig. Slikt skal ikkje i sjølve fundamentet, men må fjernast med ei betongtobbe før rette betongblandinga kjem rennande.

Det er fundamentet under det vestre tårnbeinet som vert støypt først. Det austre er framleis under jernbinding. Kvart fundament er seks meter høgt og har ei grunnflate på meir enn 120 kvadratmeter. Dei er på storleik med eit bustadhus i to høgder.

Tek tempen
Svarte boksar med grøne leidningar til avanserte termometer overvakar temperaturen. Under støypinga vert det tilført varmluft. Til kjøling under herdinga (størkninga) vert det innstøypt røyr der kaldt vatn kan sirkulera.

Elles gir herdeprosessen temperaturar over 70 varmegrader inne i kjernen, og dermed uynskte spenningar mot kulden ute.

Gøymt i utsparringskasser står seks meter lange stålrøyr, diameter 20 cenitimeter, langs kanten av fundamentet. Gjennom desse røyra skal det borast 15 meter ned i fjellet, slik at fundamentet før ekstra forankring med strekkstål.

Vibrerar
Sekst meter under oss, i jungelen av samanbundne armeringsjern fordeler anleggsarbeidarar betongmassane jamnt utover med vibratorar, etter kvart som betongen kjem rennande gjennom ulike trakter og slangar. Karane oppe i dagen flyttar betongtuten frå trakt til trakt.

Etter to slike trettitimarsøkter er det klart for støyping av sjølve tårnbeina. Dei er ikkje ferdige før dei ragar 202,5 meter over sjøflata (flo). Her på Vallaviksida måler tårnet ni meter mindre, fordi terrenget tilseier plassering av fundamentgolvet ni meter over havet.

Veks på Busida
På andre sida av fjorden, på Bu, står fundamentet berre ein meter over havet. Dermed blir det tårnet åtte meter høgare.

Arbeidslaget på den sida kom i gang i haust, og er komne 12 meter til vêrs. På vestre beinet har klatreforsskalinga klatra opp eit hakk til, og er klar for neste firemetersøkt.

Les også

Siste fra Lokalt

Kranglete mann kom kjørende full på fest

Politiet rykket ut til Rosendal.

- Dette er så unødvendig

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha ramponert flere biler i Fabrikkgaten.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Krasjet på land med båt

Båtfører i 40-årene sendt til sykehus.

Relaterte bilder

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger