TERJE ULVEDAL

Alt tidleg i etterforskinga sikra politiet seg lister med namn på alle som hadde budd på hotell og andre overnattingsstader i Førde første helga i juni. Men så langt har politiet ikkje prioritert å kontakte desse.

— Vi snakkar om eit svært omfattande og tidkrevjande arbeid. Sjølv om vi sit med namnelister, er desse ikkje fullstendige. Ofte har vi berre eit etternamn å forhalde oss til, opplyser lensmann Kjell Fonn til Bergens Tidende.

Målet er at politiet skal snakke med alle som var på besøk i Førde denne helga. Dette vil bli gjort ved å ta kontakt på telefon.

— Fleire busslaster med utanlandske turistar overnatta på hotella denne helga. Likevel er dei fleste nordmenn, og vi kjem til å prioritere å få kontakt med desse først, seier Fonn.

Sjekkar kortbruk

I neste veke vil politiet også starte gjennomgangen av alle som brukte bankkort i minibankar og andre uttaksterminalar i Førde. I følgje Bankenes Betalingssentral blei det første helga i juni gjort kring 27.000 uttak i Førde-området, og 9300 ulike kort var i bruk.

— Vi har søkt om innsyn hos alle bankar og kredittinstitusjonar. Også dette blir eit svært omfattande arbeid.

Frå før har politiet kartlagt all mobiltelefonbruk mellom 06 og 08 drapsmorgonen søndag 6. juni, men utan at dette har gitt nye spor. Politiet går no vidare bakover i tid i mobil-kartlegginga, i første omgang til klokka 04 same natta.

Politiet har så langt ikkje komme i kontakt med ei kvinne som er observert av to vitne i Angedalsvegen. Denne kvinna har truleg passert drapsstaden omtrent på den tid drapet skjedde. Heller ikkje føraren av ein etterlyst bil som er sett køyrande ut av sentrum like etter drapstidspunktet, har meldt seg.

Kvelt på veg til jobb

Den 22 år gamle sjukepleiestudenten frå Hjelmeland i Rogaland blei kvelt då ho gjekk på veg til jobb på Førde helsetun søndag 6. juni. Dagen etter blei kvinna funnen i eit lite skogholt berre få meter frå Angedalsvegen i Førde sentrum. Funnstaden er også drapsstaden. Politiet har så langt ingen mistenkte.

Kvelden før såg to studentar som budde i same bukollektivet, Slåtten komme heim frå kveldsvakt. Om natta snakka ho med kjærasten i Rogaland på telefon. Om morgonen har to vitne sett ei lyshåra kvinne gå i den retning Anne Slåtten måtte gå for å komme på jobb. Den eine observasjonen er gjort ved sjukepleiehøgskulen, den andre i Angedalsvegen.