Det har politiet bestemt etter ei synfaring på staden måndag.

Kritisk skadd

Ein 40 år gammal tysk turist vart då treft av ein isklump og fekk alvorlege skader i hovud og bryst. Mannen hadde kryssa den enkle kjettingen som markerte tryggleikssona ved brefronten.

Haukeland sjukehus, der tyskaren får behandling på intensivavdelinga, karakteriserte måndag tilstanden hans som kritisk.

I eit brev til fylkesmannen krev lensmann i Stryn, Inger Lill Lanes, at ei ny permanent sikring blir etablert raskt.

Og i går måndag var ho saman med blant andre Statens Naturoppsyn på plassen for å vurdere tiltak som kan hindre liknande ulukker i framtida.

— Vi ser trongen for eit tydelegare gjerde framfor breen, seier Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn.- Vi er samde om å setje opp eit høgare nettinggjerde der den enkle kjettingen går i dag.

Rudsengen strekar under at det nye gjerdet blir eit sterkare hinder enn dagens kjetting, men likevel fullt mogeleg for turistane å forsere dersom dei ønskjer det.

Fri ferdsel, eige ansvar

  • Gjerdet vil bli sett opp med svært tydelege åtvaringsskilt på tre språk, så får vi håpe dette er nok til at folk skjønar alvoret, seier ho. - Briksdalsbreen er bratt, og det går stadige isras.

Seniorrådgjevar Tom Dybwad hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane er på si side skeptisk til eit svært synleg og kompakt gjerde framfor breen.

— Problemet med eit gjerde er at vi har generelt fri ferdsel på eige ansvar i norsk natur, og det blir fort mykje klatring over og vedlikehaldsproblem ut av eit stengsel, seier han. - Samtidig er det klart at vi har ei opplysingsplikt om faren, og det kan vere på sin plass med ei meir markert barriere og kanskje fleire skilt med åtvaringar.

Som eit strakstiltak etter ulukka har lensmannen sytt for at det farlege området no er markert med polititape, i tillegg til dagens enkle kjetting.

— Dette er eit strakstiltak, og er høgst mellombels, skriv ho i brevet til Fylkesmannen.

Ropte folk tilbake

Den kritisk skadde tyske mannen var del av eit følgje frå cruiseskipet «Poesia», som låg i Geiranger.

— Det er klart at han hadde gått forbi sperringane, fortel Bjørg Næss i selskapet Nordfjord & Geiranger Cruisehandling. - Våre guidar på staden såg at israset kom, men så lengt eg kjenner til såg innan at mannen vart treft.

- Kva får desse turistane vite om faren før dei kjem fram til breen?

— I bussen blir dei informert om at breen ofte kalvar, og også åtvara mot å passere sperringane, seier Næss. - Men det vi ofte ser, er at når ein i følgjet bryt sperringa, så følgjer gjerne fleire andre etter.

Nordfjord & Geiranger Cruisehandling hadde ti turistbussar i Briksdalen på ulukkesdagen.

  • Våre folk måtte denne dagen rope tilbake folk som hadde gått forbi kjettingen, både folk frå våre bussar og frå andre grupper, seier Næss.

Det kommande permanente gjerdet må demonterast om vinteren på grunn av snøpresset, og vil først bli sett opp kommande vår.

FARE: Turistane blir åtvara mot å passere sperringane.FOTO: STATENS NATUROPPSYN