I praksis betyr dette at den offisielle politikken i Hydro er at Høyanger og Årdal skal drivast vidare utan store investeringar, i alle fall så lenge Hydro tener pengar. På Sunndalsøra har dei alt modernisert. Det same kan skje på Karmøy.

— Men om det vil skje, er ei anna sak. Etterpå har det kome signal frå Eivind Reiten som går på at dei ikkje vil investere meir i aluminium i Noreg, kommenterer Odd Semstrøm.

Han trur likevel ikkje toget er gått for aluminiumproduksjon i Sogn:

— Her i Årdal kan vi ha eit anlegg som produserer 500.000 tonn aluminium i året. I Høyanger har dei vist at smått er godt, det er god plass for eit anlegg med ein årsproduksjon på 120.000 tonn.

Likevel må det nyetableringar til. Ein modernisert 500.000-tonnar i Årdal kan drivast med 300 tilsette, fleire hundre færre enn det som i dag arbeider i aluminiumsproduksjonen.

— Eg opplever heilt klart at Hydro er innstilt på å vere med på å få til omstilling. At ScanWafer sa nei til å leggje ein fabrikk for solcellepanel til Årdal, kom som ei stor overrasking heilt til topps i Hydro-systemet, seier Semstrøm.

— Kva var grunnen til at Hydro sa nei til å selje Høyanger til canadiske Timminco?

— Eg oppfatta det slik at dei ikkje var sikre på at Timminco ville vere i stand til å drive Høyanger vidare.