Eit samla Eid formannskap tok dermed dommen til etterretning då dei samlast til møte torsdag kveld.

Forsøket på å forhandle med hotellet på nabotomta førte ikkje fram. Kommunen hadde tilbydd ei godtgjersle til det freda Yri hotell som kompensasjon for den øydelagte utsikta. Saksutgreiinga og debatten i formannskapet var unntatt offentlegheit, så det er ukjent kor stor sum kommunen har tilbydd hotellet, som har ein hovudbygning frå 1790. Dommen frå tingretten er rettskraftig frå 7. februar, men det betyr ikkje at toalettet må rivast straks.

— Vi ser likevel ikkje noko føremål i å vente for lenge, og er innstilt på at doen vert riven så snart det er praktisk mogleg, seier Eid-ordførar Ludvigsen ifølgje Sunnmørsposten.

Ordføraren vil ha slutt på den pinlege saka som gjorde Eid kommune landskjent. Det var våren 2001 kommunen bygde det offentlege toalettet, sjølv om dei 50 år tidlegare hadde skrive under på at det ikkje skulle setjast opp noko som helst slags bygg på området. Eid kommune fekk ein knusande dom mot seg da hotelleigarane gjekk til sak. No må dei rive, og dessutan betale 76.000 kroner i sakskostnader.