Ligg årsaka til den kraftige nedgangen i den atlantiske laksebestanden i havet?

Det skal ei stor gruppe forskarar frå 15 land finne ut av gjennom eit forskingsarbeid som først blir avslutta om tre år.

Seniorforskar Marianne Holm ved Havforskingsinstituttet samordnar forskingsarbeidet til havs. I 14 dagar skal Holm krysse havet frå Longyearbyen til Tromsø for å leite etter laks og kartleggje fôrtilgang og leveforhold for laksen. Dette området er lite kartlagt med omsyn til laks frå før.

Sterk tilbakegang

Medan livet til laksen i elvane er grundig kartlagt veit forskarane framleis lite om kva som skjer med laksen til havs, frå småfisken vandrar ut frå elvane om våren til den vender attende som gyteklar fisk eitt eller fleire år seinare.

— Fram til midt på 90-talet, då det blei utvikla gode fangstmetodar for smålaks til havs hadde ein liten peiling på kva laksen har gjort i den åra den er ute i havet for å beite og ete seg feit, seier Holm.

Den samla fangst av atlantisk villaks er no ein sjettepart av kva den var i 1975. I Noreg, der tilbakegangen er minst, var fangsten i fjor meir halvert i høve til toppen i 1980.

Stoppa fiske

Tilbakeslaget i laksefisket har skjedd trass i store innstramminga i det kommersielle fisket etter laks til sjøs:

  • I 1989 vart det forbode å drive drivgarnfiske etter laks i sjøen.
  • I 1997 vart fisketida for kilenot avgrensa langs store deler av kysten.
  • I år er retten til å fiske laks i sjøen stramma inn nok ein gong.

Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet er vitskapleg koordinator for heile det treårige forskingsprosjektet. I følgje instituttet skulle innstrammingane i det kommersielle fisket, saman med betring av tilhøva i elvane, gjort at laksebestand vaks.

— Når vi i dag ser ei dramatisk lågare overleving for den unge laksen som vandrar ut i havet, er det på høg tid at også denne fasen av laksens liv får merksemd frå forskar- og forvaltingshald, seier Holst til Havforskningsinstituttet sine heimesider.

45 millionar

EU betalar over halvparten av dei 45 millionar kronene forskingsprosjektet vil koste.

Om lag halvparten av pengane er avsett til å utvikle metodar for genetisk analyse av laksen som blir fanga. Poenget med det er å kunne spore opphavsområdet til laksen.

Norske, færøyiske og irsk forskingsfarty skal gjennomføre tokt både i år og neste år. Irland og Færøyane har alt gjennomført sine tokt i år.

Tokta vil gi forskarane svar på kva laksen lever av og korleis laksebestanden variere i høve til andre fiskebestandar.