Helse Bergen har endra reglane for korleis ein behandlar rus­pasientar. I staden for å gje dei som har tatt overdose nok medisin til å vakne, køyrer dei pasienten direkte til rusakutten. Håpet er at færre skal døy av overdose, og at fleire rusavhengige skal ta i mot behandling.

- Eg har gitt han nok motgift til at han pustar greitt, men ikkje så mykje at han vaknar, fortel Sætre-Hansen.

Han snakkar om pasienten han nettopp har behandla for overdose.

- Pasientane stikk av

Dei fleste overdosedødsfall skuldast mangel på oksygen. Fram til i dag har difor ambulanse­arbeidarar gitt motgifta Nalokson for å hjelpe pasienten å puste. Motgifta gjer at rusen sluttar å verke, og pasienten vaknar.

- Problemet er at når pasienten vaknar etter å ha fått motgift, stikk dei av for å få påfyll av dop. Motgifta gjer at rusen forsvinn, og pasienten vaknar opp med store abstinensar, fortel overlege og sjef for Akuttmedisinsk avdeling i Bergen, Guttorm Brattebø.

Større sjanse for dødsfall

Ifølgje SINTEF er det store sjansar for overdosedødsfall ved påfyll av rus rett etter ein overdose.

- Når me gjer dei motgift der rusen sluttar å verke, tek dei gjerne ei enda større dose kort tid etter overdosa. Då kan det fort gå gale, seier Brattebø.

— Vil få fleire i behandling

No vil altså Helse Bergen at overdosepasientane skal sove ut rusen på rusakutten.

- Då slepp me at dei stikk av, og me har ein større sjanse for å klare å overtale pasienten til å ta i mot behandling. Håpet er at færre døyr av overdose, og at fleire skal ta i mot behandling for å bli rusfri, seier leiar for rus­akutten i Helse Bergen, Anne Margrethe Stokken.

Ho seier det er for tidleg å sjå om dei nye reglane har ført til at fleire rusavhengige tek i mot behandling.

- Såvidt eg veit, er me den einaste byen i Noreg som har denne praksisen, så me har ikkje sett effekten enno. Men eg trur nok at fleire vil ta i mot behandling på sikt. Dessutan trur eg det vil føre til færre overdosedødsfall, seier Stokken.

Håpar reglane blir endra

Ifølgje leiaren for Foreningen for ein human narkotikapolitikk (FHN), Arild Knutsen, er det på høg tid at reglane blir endra.

- Ein overdose er særs dramatisk. Å ta vare på overdosepasienten på rusakutten i staden for å berre sleppe dei tilbake på gata, er ei meir human behandling. Dette er absolutt ei gledeleg nyheit. No håpar eg reglane blir gjeldande for resten av landet også, ikkje berre i Bergen, seier Knutsen.