Mannen skal ha stole straum både frå huset han budde i i Fjell og huset han og familien no bur i i Os i perioden 7. mars 2003-21. april 2004.

Straumtjuveriet skal ha skjedd ved at mannen har bora hol i glaset på straummålaren og stukke inn ein tynn gjenstand slik at rotorskiva stansa og straumforbruk ikkje vart registrert. I Fjell vart det påståtte tjuveriet oppdaga av ein elektrikar, og BKK vart kontakta for å sjå nærare på målaren.

Då BKK sin målarinspektør kom til huset på Os i april 2004, stod det ein leidning i målaren. Skiva var stoppa, men det var likevel straum i huset. Jan Rotnes, målarinspektør i BKK Nett, hadde med seg målaren i retten. Leidningstumpen stod framleis i.

50-åringen stilte seg uforståande til tiltalen. Han svara klårt nei då aktor, politiadvokat Bjarte Aarlie, spurte om han kjende til at det skulle vera bora hol og stukke ein gjenstand inn i målaren. Same svar kom då han fekk spørsmål om det var han som hadde bora.

— Dersom eg hadde gjort det, hadde eg vel tatt ut gjenstanden då huset skulle seljast, og då BKK skulle skifta målar i det nye huset, sa tiltalte.

Eit sentralt spørsmål var om tiltalte på førehand visste at BKK skulle skifta straummålaren i huset i Os. Tiltalte hevda han hadde fått eit brev om dette, men BKK på si side sa at målarinspeksjonen kom som eit resultat av at dei hadde mistanke om at mannen hadde stole straum medan han budde i Fjell, og at det ikkje var noko som skulle tilseia at målaren skulle skiftast før dei fann leidningen.

— Eg har sett liknande andre stader, forklarte Rotnes i retten.

Bernhard Haukland, rådgivar i BKK Nett, forklarte at basert på eit antatt forbruk basert på ein annan kunde eller tidlegare målingar i same hus, har det forsvunne 8794 kilowattimar straum frå huset i Fjell og 2091 kilowattimar frå huset i Os. Men dagens straumprisar har desse ein verdi på mellom 2500 og 3000 kroner.

MÅLAR MED LEIDNING: Denne straummålaren vart funnen i tiltalte sitt hus i Os med leidingstumpen i. Leidningen står mellom magneten og rotorskiva, slik at denne anten går seinare eller stoppar heilt. I huset på Os hadde skiva stoppa. MMS-FOTO: HILDE KRISTINE STRAND