Då Trond Mohn eit par dagar før jul 2004 gav 250 millionar kroner til UiB, og etablerte Bergens Forskningsstiftelse, stilte han berre eitt vilkår: At «universitetsdirektør Kåre Rommetveit tiltrer som stiftelsens første forretningsfører».

Den jobben skal Rommetveit framleis ha når han etter nyttår går over i ny jobb ved UiB, som pengeforvaltar.

UiB har til saman nær ein milliard kroner i ulike fond, fond der avkastinga blir brukt til å finansiere forsking.

Ifølgje rektor Sigmund Grønmo skal Rommetveit berre drive med forvaltning av kapitalen, og ikkje fordeling av den på forskingsprosjekt.

Det einaste unntaket er stiftelsane til Trond Mohn.

— Der kan det òg vere snakk om roller i samband med saksførebuingar for fordelingar, seier Grønmo, som seier han er glad for at dei har klart å halde på Rommetveit.

I tillegg til at han personleg har hatt mykje å seie for at UiB har fått fondsmidlane, er Ap-medlemet Rommetveit kjend som ein svært god lobbyist.