Kommunane som 420 kV-lina mellom Simadal og Samnanger går gjennom, må få utbetalt 80 millionar kroner, og bestemma sjølv kva pengane skal brukast til. Millionane må delast mellom kommunane etter talet på master innom kommunegrensene.

Dei siste 20 millionane må Hardangerrådet få rå over.

Dette er Eidfjord formannskap invitert til å gå inn for 30. mai.

100 millionar kroner til avbøtande tiltak er lova i konsesjonen for luftspennet. Men bruksrettleiinga har etter kvart vorte forvirrande.

Særskilt reiselivet

Allereie same dag som konsesjonen vart gjeven, vart reiselivet nemnt særskilt. Departementet opplyste i ei pressemelding at pengane skal nyttast til å motverka eventuelle negative verknader for reiselivet i Hardanger.

Då mastesaka vart ein skikkeleg varm potet for regjeringa, vart ordførarane i Hardanger hasteinnkalla til Oslo, og kunne innkassera den triumfen at Hardangerrådet fekk tilrådingsrett.

Kanalisering av pengane gjennom Hordaland fylkeskommune er stroke i pressemeldinga som kom 1. mars i år. I staden er omgrepet næringsfond kome inn, saman med ein instruks om i hovudsak å retta tiltaka inn mot kommunane som er råka.

Eidfjordrådmannen har nytta Anved Johan Tveit som sakshandsamar. Han er ordførar både i Eidfjord og i Hardangerrådet.

Tolkar inn det meste

I tilrådinga skrellar han bort pasusen om næringsfond (som kanskje var ein glipp i departementet), ser stort på avgrensingane «reiseliv» og «Hardanger» og får tolka inn det meste av alt det andre — ved å tilrå pengar til resten av Hardanger gjennom 20 millionar via Hardangerrådet, og stilla Samnanger likt med mastekommunane i Hardanger i fordelinga av 80 millionar kroner.

Fordelinga ser slik ut (avrunda tal):

  • Eidfjord: 3,9 millionar kroner for 13 master
  • Ulvik: 20,6 millionar kroner for 68 master
  • Granvin: 16,7 millionar kroner for 55 master
  • Kvam: 30,9 millionar kroner for 102 master
  • Samnanger: 7,9 millionar kroner for 26 master

Luftspenn mot sjøkabel

Hardangerkommunane Ullensvang, Odda og Jondal får ikkje master av denne kraftlina, men vil kunne delta i tevlinga om pengar via Hardangerrådet. Her er ikkje Samnanger med.

Rådmannen har ikkje drøfta om det har noko å seia at Samnanger heile tida gjekk inn for luftspenn, og at Eidfjord heilt på tampen fann at luftspenn er laglegare for dei enn sjøkabel.

I andre kommunar kan det bli tema at pengane kom fordi luftspenn vart valt framfor sjøkabel.