— No har Husnes nesten alt som ein handelsstad skal tilby. Ok, me saknar vel eit par store kleskjeder. Men å få Vinmonopolet hit er veldig viktig, seier butikkeigar og styreleiar i Husnes Vkest, Vera Vendsbo, til bt.no.

Første kunden blant dei 20-30 kundane som samla seg framfor gitterporten ved Rema-butikken før klokka 11 i dag, var 32 år gamle Bjørn Helge Skarveland frå Utåker.

— Eg var og handla i daglegvarebutikken og såg at det ikkje var nokon kø ved polet. Eg stilte meg opp og blei tilfeldig førstemann, seier Skarveland til bt.no. Han fekk ein blomebukett av Vinmonopolets lokale butikksjef Vigdis Agledal før han gjekk i kassen til Kari Natvik og handla to flasker vodka og seks flasker juleøl for i alt 720 kroner.

— Flott dette. No treng me ikkje køyra til Odda, Haugesund, Stord eller Bergen for å handla polvarer. Ja, det har blitt ein del slike turar, seier Bjørn Helge Skarveland.

— Dette er som julafta for oss. Vinmonopolutsalet har me jobba for i fem-seks år, seier dagleg leiar i Husnes Vekst, Annemor Ekeland.

Saman med Vera Vendsbo kom Ekeland med blomar til polstyrar Vigdis Agledal, ei husneskvinne som fram til polopninga i heimbygda har vore ekspeditør ved Vinmonopolet si avdeling på Stord sidan opninga der før jul i 1995.

Utsalet på Husnes får fem tilsette og eit varesortiment på 360 typar drikke.

FØRSTE KUNDE: Bjørn Helge Skarveland var første kunde då Vinmonopolet opna utsal på Husnes i Kvinnherad i dag. Han blir ekspedert av Kari Natvik. I midten May Britt Tveit.
FOTO: OVE A. OLDERKJÆR