Pakkane står stabla frå golv til tak. Kikkar ein inn hôla i kassane, kan ein skimta innhaldet: Reagensrøyr etter reagensrøyr. Kolbar i alle former. Kvar og ein sirleg pakka inn i bobleplast.

Avdelingsingeniør Hilde Duesund på Avdeling for biokjemi ved Høgskolen i Bergen (HiB) starta å pakke i januar.

— Det er hundrevis av kolbar og røyr i dei pakkane. Alle er vaska og tørka, så dei skal vere reine når me pakkar dei ut. Eg er heldigvis veldig glad i å rydde, seier ho.

Største flyttejobb i karrieren

Måndag vart første lass i det som truleg er eitt av dei største flytteprosjekta som blir gjort her i byen i år, frakta frå Nygård til Kronstad. HiB skal flytta inn i nye lokale, og det er mykje som skal med. I alt skal rundt 70.000 kvadratmeter høgskule ryddast. Alt som finst der skal anten kastast eller få ny heim Kronstad og i lokale som skal renoverast i Møllendalsveien.

Alt skjer samstundes som 7000 studentar skal gjere ferdig undervisning og ha eksamen.

— Det er den største flyttejobben eg har vore med på, og eg har vore i bransjen sidan 1986, seier Bård Isaksen, seniorrådgjevar i firmaet Totalreform AS som har ansvar for flyttejobben.

Nøyaktig merking

Planleggingsarbeidet starta allereie i 2012. Isaksen har vore med på fleire andre store flytteoppdrag, men seier dette oppdraget skil seg ut på grunn av all logistikken.

— Det er ikkje berre å ture fram som me vil når det er undervisning og eksamenar rundt oss, seier han.

I tillegg er det meir enn berre pultar og kontorstolar som skal fraktast til Kronstad. På elektrolabben på HiB sitt bygg på Nygård står det paller med maskinar, metall og ulikt elektrisk utstyr klart til frakting. Somme av pallene veg opp til eit tonn kvar. Då må det spesialmannskap og -utstyr til.

Frå biblioteket skal 2700 hyllemeter med bøker få ny heim. Kvar og ein må pakkast så dei hamnar på riktig hylle når dei blir pakka opp att.

For å sikre at alt kjem fram riktig plass, er kvar eske eller palle merka med ein eigen lapp. Den har farge for å fortelje kva avdeling den høyrer til, ein bokstav for å vise kva del av bygget den skal til, og eit nummer for å vise kva rom.

Veit ikkje omfanget

Slik satsar flyttebyrået på å unngå søl, når dei etter kvart blir svært mange kokkar.

— Når det verkeleg dreg seg til i juni, blir me 100 menneske i sving med flytting dagleg, fortel Isaksen.

Ingen veit akkurat kor mange flyttelass det blir. Ingen veit heller nøyaktig kor mange kubikkmeter som skal flyttast. Difor veit høgskulen heller ikkje nøyaktig kor mykje flyttinga vil koste, seier prosjektdirektør Endre Laastad, som har ansvaret frå høgskulen si side.

— Det som er sikkert er at det er millionbeløp me snakkar om, og me har sett av store budsjettmidlar som skal gå med til å dekke flyttinga. Totalt har me fått 344 millionar kroner til innkjøp av nytt utstyr og flytting, seier Laastad.

Han seier det er viktig for høgskulen at eksamen går føre seg utan forstyrringar. Likevel er det ikkje til å unngå at bygget studentane held til i blir prega av flyttesjauen som går føre seg. Avdelingsingeniør Duesund synst særleg synd på tredjeårsstudentane, som ikkje får glede av nybygget på Kronstad.

— Dei har gått i rot lenge nå, og det ser jo ukoseleg ut her hos oss. Men dei er flinke til å halde ut, seier ho.

Siste frist for ferdigstilling på Kronstad er starten av august, når det nye studieåret startar.

FLYTTEOPPDRAG: Martin Magnussen jobber for Totalreform, som har fått oppdraget med å flytte blant annet 2700 hyllemeter med bøker fra Nygård til Kronstad.
Odd E. Nerbø