Ein kjeft som kan flisa 60 cm tjukke tre er venta til Os om få dagar. Uhyret skal setja fart i utviklinga av bioenergi i Hordaland. Kjøpar er Øystein Hansen i Os Skog AS, som opplyser at maskina vil vera ei av fire-fem i heile landet.

— Flishoggaren kan flisa opp tre som er 60 cm i diameter. 60.000 kubikkmeter flis i året kan hoggaren kasta frå seg. Det er rundt rekna 20.000 tonn, seier Hansen til Bergens Tidende. Han har så langt ein kjøpar av flishaugen sin. Det er Vaksdal Biobrensel, som i nokre år alt har produsert pellets av trevyrke frå sagbruk, i hovudsak frå Granvin Bruk.

Biobrenselsdagar

— No kan ikkje sagbruka levera nok lenger. Då må vi ut i skogen etter flis, og difor har eg gjort ein avtale med Øystein Hansen. Om det vil løna seg, er eg ikkje heilt sikker på, men vi må prøva det om vi skal greia å utvida produksjonen av pellets, seier Arnfinn Trøen i Vaksdal Biobrensel til BT.

Nettopp dette temaet, marknaden for biobrensel og tilgangen på råstoff, vart diskutert på Biobrenselsdagane i Bergen måndag og tysdag. Straumkrisa, men og omsynet til klimaet, har gjeve bioenergien vind i segla.

Brikettar frå Osterøy

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond i Hordaland rår over 15 millionar statlege kroner til fremje av bioenergi i heile landet, men Hordaland kjem nokså bra ut i fordelinga av desse midlane.

Eit av tiltaka er produksjon av brikettar i Hauge næringspark på Osterøy. Eit nystarta selskap, Osterøy Energi AS, vil starta pressing og sal av brikettar der råstoffet i fyrste omgang er utbrukte pallar frå heile Bergens-området.

— Pallane vert knuste, deretter kverna og tørka til fin flis. Dette går gjennom ei presse, og resultatet er vedkubbar med form om lag som ein murstein. Desse vil ha høgare brennverdi enn jamvel god bjørkeved, seier dagleg leiar i Osterøy Energi, Terje Simmenes til BT.

— Brikettane vil vi selja gjennom butikkar og bensinstasjonar, men og med utkøyring til dei som tingar store kvanta. Ved kjøp i stort vil prisen for varmen, omrekna i kilowattimar, liggja på rundt 50 øre, opplyser han, og legg til at dei reknar med å starta produksjon og sal til neste fyringssesong, hausten 2004.

Biovarme på Tysnes

I Tysnes kommune har SND løyvd prosjektmidlar til skogeigarlaget, som vil varma opp skulen og ein ny fleirbrukshall på Våge med flis frå skogen. Skogbrukssjef Lars Inge Vik opplyser til BT at det no vert arbeidd med å setja opp eit tilbod til kommunen som kan konkurrera med andre energikjelder

Prosjektet på Tysnes er svært likt eit som er i utvikling på Voss. Der skal Voss Skogeigarlag og Skogeigarlaget Vest eiga og driva eit biobrenselsanlegg som skal levera varme til eit nytt kommunalt omsorgssenter på Opheim. Skogeigarane har alt vunne tilbodskonkurransen, og anlegget vert venteleg sett i drift ein gong i 2004.

STORETAR: Dette gapet kan gløypa store tre og spytta dei ut att som flis. Opptil 20.000 tonn på eitt år.