Tre nye undergangar for biltrafikk skal eliminera fleire livsfarlege plankryssingar, to bruer som får toga til å skrangla, skal skiftast ut. Gamle skinner skal bytast ut med nye i Ulrikstunnelen, og Trengereid kan vinka farvel til ein utsliten sporveksel.

— Elles skal det førebuast for pukkrensing, hoggast skog og grøftast bort vatn fleire stader langs lina, seier fagleg leiar Ole Erik Almenningen i Jernbaneverket.

Bruer av ståltau

Han fortel at dei to korte bruene på Selheim og Urdland i Raundalen kostar to millionar kroner kvar. Dei er laga av stål og utforma som trau, som kan fyllest med ein halv meter pukk under svillene.

— Kva er poenget?

— Toga skranglar mindre, og vi tener fort inn att investeringa på vedlikehaldet. Med pukk under svillene, kan pakkemaskinen køyra rett over, ikkje stogga rett før brua, og ta ny høgde på andre sida.

Dunk - dunk!

Mest bråk kan det bli på Voss. Ein spuntvegg i stål skal dunkast ned der E16 skal inn i tunnel forbi Voss sentrum.

Største pengesluket blir på Geilo, der kommunen spleiser på eit prosjekt til 30 millionar kroner, fortel informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket.

Her skal heile banelekamen gravast bort, og prefabrikkert betongelement setjast saman til ein kulvert for bilveg, og andre trafikantar.

Også ved Nøkleby vest for Hønefoss og ved Tranby på Randsfjordbanen (Hønefoss - Hokksund) skal kuvertar på plass for å fjerna planovergangar.

Buss for tog

— Vi går i gang så snart nattoget har passert natt til laurdag og avsluttar rett før morgonekspressen frå Bergen sundag morgon. Laurdag er all togtrafikk på Bergensbanen innstilt, på sundag berre det første lokaltoget til og frå Arna, opplyser Hjertaas.

Togpassasjerane blir tilbydd busstransport. For passasjerar til Geilo og Ustaoset blir det bussbyte på Hagafoss, og til Raundalen, så langt vegen går, blir det sett opp buss frå Voss. Til veglause Uppsete, Hallingskeid og Finse blir det ikkje transporttilbod, men til Myrdal kjem ein via Flåmsbana etter landevegstransport til Flåm.