Ap-ordføraren Longva (59) er ikkje ukontroversiell, men står likevel støtt i heimkommunen med over femti prosents tilslutnad frå velgarane. Det solide valresultatet har si forklaring.

— Blir god butikk

Som Bergens Tidende skreiv i går, har Hydro bestemt å ikkje fornye dei eldste elektrolysehallane som om få år må koplast ut i Høyanger og Årdal.

Som det desidert minste verket av dei to, blir konsekvensane mest alvorlege i Høyanger. Hydro seier nei til ei investering Høyanger-samfunnet påstår er den mest lønsame som kan gjerast på fastlandet i Norge.

Der Hydro vegrar seg, er det andre som har tru på industrietablering i kommunen.

Lyspunktet heiter ERAS (Energy Recycling AS). Bak bokstavane skjuler seg ein forretningsidé om å utvinne sink av stålstøv. Neste haust startar produksjonen i lokala til Slugfabrikken, bedrifta som Hydro la ned i 1998. 74 personar blei sendt på dør, sidan har lokala stått der forlatne.

Men om nokre veker startar ombygginga. Neste haust skal 20 faste operatørar vinne ut sinkoksyd av stålstøv.

— Dette kjem til å bli god butikk, seier Arbeidarparti-politikaren.

Få har gløymt Longva si rolle under redningsaksjonen for Fundo. Bilfelgfabrikken med over 300 tilsette låg på rygg, og ville gått til skifteretten utan handlekraft frå ordførarens side.

Nyetableringa ERAS er nok ein grunn til at lokalsamfunnet sluttar opp om ordføraren.

45 nye arbeidsplassar

Og kva dreier det seg om?

Europeiske stålverk genererer eit avfallsproblem på 200.000 årstonn opplagra støv. Berre i Odda ligg 70.000 tonn lagra i store fjellhallar. Deponia er eit miljøproblem, og EU har varsla at det kan bli forbod mot denne typen lagring frå 2005.

I stålstøvet er det sink. Omdanna til småstykke (pellets) skal støvet fraktast med båt til Høyanger. Gjennom ein smelteprosess der det blir nytta svært høg varme, skal sinkoksyden vinnast ut frå avfallet. Dette blir brukt som råstoff ved sinkverk, eksempelvis Norzink i Odda. Biproduktet blir eit hardt, glatt og giftfritt stoff, som i nokre land blir brukt til bygningsmateriale.

Prosessen er utvikla i Sverige, men ERAS har lisensrettane for bruken av metoden på verdsbasis. Opphavleg sat Kværner på lisensen. Men under Kjell Almskog skulle dei kvitte seg med alt som ikkje låg innanfor Kværners kjerneområde, og ERAS sikra seg rettane.

I tillegg til produksjonen, legg ERAS også hovudkontoret sitt til Høyanger. Vedlikehald og andre tenester vil bli kjøpt inn lokalt. Totalt blir det rekna med at det direkte blir skapt rundt 45 nye arbeidsplassar i og rundt ERAS. Og på bordet ligg også planar for ei teknisk utviklingsavdeling med ti tilsette.

Aksjekapital og kraft

— Dei valde Høyanger fordi lokale og infrastruktur låg til rette, og vi kan tilby dei 50 GWh konsesjonskraft, seier ordførar Kjartan Longva.

Men familieband spelte også ei rolle då gründerane såg mot Høyanger. Då Bergens Tidende skreiv om planane første gongen, fortalde Harald Hvidsten, ein av dei fem som står bak selskapet om sin tilknyting til Høyanger. Besteforeldra budde der, faren vaks opp der, og han var alltid på ferie i Høyanger om somrane.

— Tilknytninga gjorde at vi alt frå startfasen var merksame på Høyanger som industristad, sa Hvidsten den gongen.

I Høyanger ser ordføraren fram til at arbeidet med ombygginga av Slugfabrikken skal ta til. ERAS skal investere nær 240 millionar kroner.

Men Høyanger-samfunnet yter også sitt. Kommunen har gått inn med 10 millionar i aksjekapital og stiller konsesjonskraft til disposisjon. Og Slugfabrikken, som kommunen i si tid fekk overta for ei krone, har dei selt vidare til ERAS for same pris.

Treng nytt likevel

Også Hydro er med på laget. Dei har løyvd 10 millionar som eit ansvarleg lån til etableringa, og ytterlegare fem til investeringar. I Høyanger ser mange dette bidraget som eit av fleire forsøk på frikjøp frå storkonsernet si side.

Men likevel har Longva klokkartru på ERAS-prosjektet, og har overtydd kommunestyre og medpolitikarar at det er framtidsretta pengebruk av kommunen.

Men Longva har heller ikkje gitt opp å få Hydro til å modernisere aluminiumsproduksjonen i Høyanger. Og skulle han mot alle odds greie å overtale Hydro-leiinga til å modernisere C-hallen, vil mange arbeidsplassar likevel forsvinne. Dermed trengst nye, alternative arbeidsplassar uavhengig av kva utfallet blir.

— Ein ny hall vil gje 36 arbeidsplassar. Det er 50 tilsette færre enn det er sysselsett i dagens C-hall. Høyanger treng nyetableringar og omstilling, og det anten Hydro moderniserer eller ei, seier ordføraren.