I to år let Schille sin sølvgrå Audi S4 Avant 2,2 Turbo 1991-modell stå urørt utanfor huset sitt i Rosendal. Han nekta å akseptera at If ikkje tok ansvar for fleire feil og skader bilen blei påført medan Audien var til reparasjon i Ifs regi i Oslo.

— Eg er nøgd med oppgjeret og med at saka er ute av verda. Men det er deprimerande å måtta kjempa så lenge. Eigentleg ei banalt enkel sak som det tydelegvis gjekk prestisje i hos If, seier Stein Elling Schille til Bergens Tidende.

— Sett i etterpåklokskapens lys burde dette vore gjort annleis. Men no er vi glade for at Schille er nøgd, seier skadeleiar Per Arne Strandenes hos If i Bergen.

Liten kollisjon - stor sak

Det heile tok til med ein liten kollisjon 21.november 2000. Av frykt for skeivslått ramme, fekk Schille medhald hos If for at bilen skulle til merkeverkstad i Oslo.

Stein Elling Schille fekk bilen tilbake frå verkstad først 27.januar 2001. Då oppdaga han at bilen hadde blitt køyrt 500 km av uvedkomande under verkstadopphaldet i Oslo. Audien var dessutan påført skader på understell, hjul, frontrute og interiør.

Schille nekta å godta «reparasjonen». If Skadeforsikring på si side ville ikkje ta vidare ansvar for den verdiforringa bilen. Schille engasjerte advokat og Skadeforsikringsnemnda.

Først i sommar blei det fortgang i saka. Ein NAF-konsulent undersøkte bilen, If lova å dekkja reparasjonskostnader som ville visa seg naudsynte. Ein defekt girkasse ønskte If å skifta med ein brukt. Då Schille ikkje aksepterte det, tilbydde forsikrinsselskapet seg å kjøpa Audien.

Dermed fekk Schille betaling for bilen og erstatning. Audien rullar no for ein ny eigar på Jæren.

- Har kosta halv million

— If har endeleg teke konsekvensen av noko dei burde visst heile tida. Det sit folk i systemet som ikkje har gjort jobben sin. Selskapet har gått på meg i staden for på dei som skada bilen i Oslo, seier Stein Elling Schille.

— Truleg har bilen kosta If rundt ein halv million kroner. Eg er klar over at forsikringssvindel er som ein folkesport. Men dette kunne vore ordna langt tidlegare, og langt billegare. I motsetnad til mange andre hadde eg høve til å lata bilen bli ståande inntil eg fekk medhald, seier Schille.

— Vi ønskjer er rask og god kundebehandling. Vi beklagar at så ikkje har skjedd her, seier Per Arne Strandenes i If Skadeforsikring.

VANN OVER IF: Nær tre år etter ein bagatellmessig kollisjon har Stein Elling Schille i Rosendal vunne ein seig kamp med If Skadeforsikring om sin tolv år gamle Audi. <p/> ARKIVFOTO: OVE A. OLDERKJÆR