• Vi visste kven som var utru. Vi visste kven som fekk juling. Vi visste alt!- Så det er sant at drosjesjåførar veit alt?- Stakkars dei om vi tek til å fortelje! Ja, drosjesjåførar veit alt.

Reidun Blaalid (70) hadde gjort det igjen. Sett seg i drosja og køyrt 46 gonger rundt jorda.

— Eg har hatt eit eventyrleg liv! Det har vore tøft mange gonger. Å vere drosjesjåfør trur eg er mellom dei tøffaste yrke som finst. Men eg har aldri angra. Eg kjenner meg privilegert.

Sist helg blei den no pensjonerte drosjesjåføren frå Måløy utnemnd til første kvinnelege æresmedlem i Norges Taxiforbund.

— Det er eg kry av. Men eg har gjort meg fortent til det. Ingen treng tvile på det.

Utan ei skramme

Dei kallar ho drosje-Reidun i Måløy. Kanskje ikkje så rart sidan ho har køyrt taxi i 37 år. Kor mange personar ho har hatt inn i bilen, har ho ikkje peiling på. Køyrt distanse har ho derimot litt betre oversyn over. Sånn omtrent reknar Reidun Blaalid med å ha lagt bak seg 185.000 mil i drosjeførarsetet. Lokalavisa Fjordenes Tidende har rekna seg fram til at det tilsvarar 46 gonger rundt ekvator. Og det har ho gjort utan eit einaste uhell, bortsett frå at ho ein gong blei påkøyrd av ein annan bil.

— Eg sa det til son min her hin dagen: Ikkje så godt som ei skramme i lakken har eg fått ein gong. Veit du kva han svarde?

  • Nei ...

— Tenk du no på alle dei som har skadd bilane sine fordi du stod midt i vegen. Men det var no på skøy, ler pensjonisten.

Vakt 24 timar

Det var mannen som hadde drosjeløyvet. Då han fekk arbeid i USA, sette Reidun seg bak rattet. Ungane var små.

— Akkurat dei åra hugsar eg var ikkje berre kjekke. Det stakk i meg mange gonger når eg måtte ut og køyre og ungane var små.

— Korleis greidde du å organisere kvardagen med tre ungar og ein jobb der du aldri visste kor tid du måtte på jobb.

— Eg måtte ha hushjelp. Men i den tida var ein drosjesjåfør på vakt 24 timar i døgnet 365 dagar i året. Dermed måtte hushjelpa òg vere det. Det var ikkje alltid like enkelt.

Beredskap året rundt og turar til alle døgnets tider, gjorde Reidun Blaalid oppteken av organiseringa av drosjenæringa. Dette var ei tid då drosjeeigarane la av røret når dei ville, eller måtte, sove på natta. Slikt var ikkje tilfredsstillande. Då ho tok over drosjeløyvet etter at mannen døydde i 1974, starta ho arbeidet med å få drosjesentral i Måløy.

— Motstanden var veldig stor. Vi var fem løyvehavarar i Måløy-området. I tillegg måtte ein slik sentral også godkjennast av politikarane.

Først i fylket

Men Reidun Blaalid vann fram. I 1978 starta ho saman med Per Emdal den første drosjesentralen i Sogn og Fjordane. Dei hadde to bilar kvar, og tilsette to sjåførar.

— Eg er vel ein type som ikkje godtek eit nei. Snarare blir engasjementet sterkare då.

Etableringa av drosjesentralen førte til ein heilt annan kvardag. Men åra før dei fekk godkjenning var konfliktfylte. Interessekonfliktane mellom dei lokale drosjeeigarane førte til motsetnader. Framtida arbeidde også for dei to som gjekk saman om første drosjesentralen. Seks-sju år seinare var alle med.

— Du var kvinne i eit mannsdominert yrke. Blei det brukt mot deg?

— Det kan eg ikkje hugse. Men at taxinæringa både var og er mannsdominert kan eg skrive under på. Det gjer meg ekstra kry at eg som kvinne har oppnådd det eg har gjort. Kanskje det kan vise litt veg for andre kvinner?

Sang salme med narkoman

Reidun Blaalid har køyrt fulle folk og edrue, unge og gamle, fiskarar og bønder, friske og sjuke i storm og stille i 37 år.

— Eg har lært utruleg mykje på desse åra. Ikkje minst menneskekunnskap, det å takle folk.

— Som for eksempel?

— At du ikkje provoserer ein full kunde som skal heim frå fest midt på svarte natta. Då jattar du med.

Det gjorde ho også einaste gongen ho kan hugse å ha vore redd. Ein narkoman fekk abstinens i drosja.

— Det enda med at vi song «Vår Gud han er så fast ei borg» i lag. Men den gongen var eg redd.

Kjekkast av alt har vore å køyre dei gamle.

— Dei eldre er så avhengige av oss. Å kunne stå til teneste for dei og få tilbakemeldingar der dei set pris på oss, har vore det mest gjevande, seier Reidun Blaalid. Som har fylt 70.

ÆRESMEDLEM: Reidun Blaalid er første kvinnelege æresmedlem i Norges Taxiforbund.
Øystein Torheim