Ulykka skjedde på Rv 15 ved Bryggja i Vågsøy kommune.

Politiet opplyser at fleire personar skal vera moderat skadde.

— Det var til saman seks personar i bilane. Nokre av dei skal sjølv kontakte lege i morgon, så det er ikkje snakk om alvorlege skadar, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet opplyser at dette var ein påkøyrsel bakfrå. Tre personbilar var involverte i ulykka.

Politiet blei varsla klokka 13.36.