Mannen pådrog seg brotskadar, skader i ei lunge samt eit auge. Likevel skal ingen av delane skal vere av alvorleg art, og Førde sentralsjukehus karakteriserte tysdag ettermiddag skadane som moderate.

Mannen vart sendt til sjukehus etter det som først feilaktig vart opplyst å vere ei truckulykke på verksområdet i Høyanger tysdag morgon.

— Mannen har kome i klem da han dreiv vedlikehald av ein transportheis i den automatiske anoderenselinja, seier politibetjenten. Mannen skal sjølv ha kome seg ut og fått varsla om det som har skjedd.

Politiet, Arbeidstilsynet og arbeidsgjevaren Kværner var på synfaring på staden tysdag føremiddag.

49-åringen er tilsett i Aker Kværner Industrielt Vedlikehold. Både Hydro som eigar av industriområdet, Arbeidstilsynet og arbeidsgjevaren Kværner bestemte seg i går for strakstiltak med sikring rundt plassen ulykka skjedde på.