Dei tilsette ved Terina AS fekk enda ein tung dag på jobben i går. Ein av arbeidskameratane vart råka av ei jernstang og vart køyrt til legevakta i ambulanse. Straks etter var politiet på pletten for å ta opp forklaringar. Måndag fekk dei 95 tilsette beskjed om at verksemda deira var mistenkt i matsmittesaka.

Fire ulykker i går

Ikkje mindre enn fire arbeidsulykker vart registrert på Terina i går. Det er like mange som heile 2005, opplyser hovudverneombod Torodd Kvam (biletet) til Bergens Tidende.

Han er rask med å legga til at tre av tilfella var bagatellmessige. Kvam ser ikkje bort frå at uhella kan ha samanheng med at mange tilsette i går utførte arbeid som dei ikkje gjer til vanleg.

Det alvorlege tilfellet har BT fått forklart slik: Ein mann fall ned frå ei viss høgde medan han hadde ei jernstang i handa. Han fekk sjølv ein bagatellmessig skade, men råka ein kvinneleg kollega med jernstanga. Ho var medviten då ambulansefolka kom til.

— Både E.coli-saka og ikkje minst skaden som ein kollega vart utsett for, har gått inn på dei tilsette, seier verneombodet.

Hovudtillitsvald Gerd Signe Grinde Håre ynskte i går ikkje å uttala seg om dei tilsette sin situasjon.

Alt er vaska

Mattilsynet var i går på synfaring på anlegget, og opplyser til BT at dei var nøgde med det arbeidet som vart utført.

— Alt er vaska og desinfisert. Golv, vegger, tak, arbeidsreiskap og maskinpark. Maskiner vart demontert, reingjort og sett saman att, seier informasjonssjef Skundberg.

— Kvifor all denne vaskinga når bakteriane er i krydderspannet?

— Eg registrerer at media fokuserar på eit krydderspor, men beskjeden vi har fått frå Mattilsynet er at anlegget og produkta er mistenkt.

Produksjonen skal setjast i gang att så snart Mattilsynet har friskmeldt anlegget.

Solidaritetsperm

— Blir det permitteringar dersom dette dreg ut?

— Til no har det ikkje vore snakk om permitteringar for Sogndal spesielt, men tilsette her har signalisert interesse for den solidaritetspermitteringa som Gilde generelt har gått ut med.

— Kva går den ut på?

— Tilsette i Gilde vert oppmoda om å ta 75 timar fri utan lønn i løpet av året. Det vil hjelpa på konsernet sin økonomiske situasjon no når mistanken om matsmitte gir oss tunge ekstrakostnader og reduserte inntekter, forklarer Skundberg.

Når situasjonen normaliserer seg og marknaden tek seg opp att, er det meininga at det tapte arbeidstimane kan tenest inn att.

TUNG DAG: Ikkje berre har dei E.coli-saka å stri med. I går vart ein av kollegaene på Terina i Sogndal skadd på jobb. FOTO: ARNE HOFSETH