Klokka 00.52 natt til tysdag, fekk politiet melding om ei arbeidsulykke ved Hydro på Årdalstangen.

Ein mann i 40 åra vart sendt til Førde sentralsjukehus.

Politiet i Årdal er i føremiddag på Hydro for å gjera ei åstadsgransking etter arbeidsulukka.

Mannen fekk ei kran i hovudet, då han kom frå ein leider frå under golvnivå.

— Han fekk klemskadar i hovudet og på kroppen. Ulukka hendte på Karbonen ved Hydro på Årdalstangen. Vi var på ulukkesstaden i føremiddag. Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla, seier lensmann Magne Knudsen i Årdal til bt.no.