Politiet fekk melding om ulykka på Faleide i Stryn like etter klokka 17.

– Ein firehjulsmotorsykkel køyrde av vegen og ned i ei steinrøys. Vi kjenner ikkje detaljane kring det, og har sett i gang etterforsking, seier operasjonsleiar Dag Øyen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Eit syskenpar på 21 og 6 år blei skadd, men det skal ikkje vere alvorlege skadar.

– Guten på seks år er frakta til Sentralsjukehuset i Førde, mens den 21 år gamle kvinna er brakt til Eid, seier Øyen.

Seint tysdag kveld blir guten operert, før han skal fraktast til intensivavdelinga. Han er moderat skada, opplyser AMK-avdelinga ved sentralsjukehuset.