EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Løytnanten låg i fleire minutt medvitslaus i torpedo-lasterommet etter å ha falle gjennom ei luke i buseksjonen på ubåten litt før klokka 13 i dag. Mannen var vakna igjen då han vart henta opp av ambulansefolk frå Bergen brannvesen klokka 13.20.

— Ubåten låg til kai, og det var fjerna ei plate i dørken på grunn av arbeid i torpedolasterommet. Mannen fall ca. tre meter ned, seier kapteinløytnant Trond Juvik i ubåtinspeksjonen ved Haakonsvern.

Den skadde er offiser om bord på KNM Uredd, ein av ubåtane i Ula-klassen. Det er uklart kor store skader mannen har fått.