Ulykka skjedde på vegen mellom Leikanger og Sogndal i dag tidleg. Klokka 06.15 hadde politiet enno ikkje kome fram til staden.

— Det skal ikkje vere snakk om livstrugande skadar, seier operasjonsleiar Olaug Holme i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Kvinna skal ha vore åleine i bilen, og det var ingen andre bilar innblanda.