Ulykka skjedde på riksveg 5 aust for Brandsøy i Flora kommune.

Kvinna var passasjer i personbilen og har ifølgje politiet moderate skader. Ulykka skjedde på ei rett strekning ved Bjørnset aust for Brandsøy i Flora kommune.

Ulykka vart meldt klokka 14.40. Det var to personar i lastebilen og tre i personbilen. Politiet seier det er for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka. Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

OVERLEVDE: Kvinna overlevde det kraftige smellet.
2211-tipsar
2211-tipsar