Politiet fekk melding om ulukka klokka 18.07.

— Mannen skal vere skadd i ein arm, seier operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

Den skadde blei frakta til Rikshospitalet. Ulukka skjedde i Refvik utanfor Måløy.

— Etterforskarar skal sjå på årsaka til ulukka, seier Bell.

Seint tysdag kveld hadde den skadde mannen akkurat kome til akuttmottaket på Rikshospitalet.

— Tilstanden hans er stabil, men uavklart, seier informasjonssjef Selva Kosiander ved Rikshospitalet til bt.no onsdag formiddag.