TERJE ULVEDAL

Det var 6. januar 2000 at den då åtte år gamle jenta sklei og fall under leik i eit friminutt på skuleplassen ved Flatene skule i Førde. Vêromslag hadde ført til at heile skuleplassen var dekka av eit islag. Foreldra meiner det var uansvarleg at kommunen ikkje strødde skuleplassen før ungane blei sende ut for å leike i friminutta.

— Vêromslaget kom dagen før. Leiinga ved skulen eller vedlikehaldsansvarleg hadde difor god tid på seg til å bestille sanding. Først fleire timar etter ulukka blei det strødd, seier advokat for foreldra, Håvard Bjørnstad, til Firda.

Advokaten har no på vegner av foreldra stemna Førde kommune og If skadeforsikring for retten. Forsikringsselskapet nektar erstatningsansvar fordi dei meiner kommunen ikkje har gjort noko gale.

Jenta svima av då ho datt og slo hovudet i isen. I ettertid er det konstatert varig hjerneskade. Jenta er meir enn 25 prosent medisinsk invalid. Ho er plaga med hovudverk, har fått problem med konsentrasjonsevna og utvikla åtferdsvanskar. Det er difor behov for ein god del tilpassing både heime og på skulen.

Far til jenta vil ikkje stå fram med namn, men meiner kommunen har svikta på alle punkt. Familien har no flytta frå Førde.

Skulesjef Helge Sæterdal karakteriserer ulukka som eit hendeleg uhell:

— Vi føler ikkje at vi kunne gjort så mykje anna ulukkesdagen. Det er ikkje råd å strø alle plassar elevane er i friminutta, spesielt ikkje ved brå vêromslag.