No er den spesialutdanna psykiatrisjukepleiaren tiltalt for å ha skaffa seg seksuell omgang «ved misbruk av stilling, avhengighetsforhold eller tillitsforhold», som det heiter i straffelova sin paragraf 193, første ledd.

Strafferamma er fengsel i inntil fem år.

Mange gonger

Ifølgje tiltalevedtaket har mannen hatt seksuell omgang med pasienten ei rekke gonger mellom august 2008 og august 2009.

— Det er uråd å talfeste kor mange overgrep det er snakk om, men det er snakk om ei rekke tilfelle, seier politiadvokat Knut Broberg til bt.no. - Dette har skjedd i samband med sjukepleiaren sitt arbeid, og på fleire ulike plassar - inkludert institusjonen der han jobba og ho var innlagt.

Ifølgje Broberg var kvinna innlagt med ein alvorleg psykiatrisk diagnose heile den tida overgrepa skal ha pågått. Den tiltalte sjukepleiaren er ikkje mistenkt for å ha brukt vald mot kvinna.

— Min klient har erkjent straffeskuld i høve tiltalen, og har tatt konsekvensane av det som har skjedd. Han er ikkje lenger i jobb som sjukepleiar, seier mannens forsvarar, advokat Per Kjetil Stautland.

Sa opp jobben

Informasjonssjef Arne Eithun i Helse Førde stadfestar at vedkommande ikkje lenger er tilsett i helseføretaket.

— Då denne saka kom opp og politiet starta etterforsking, vart han suspendert frå stillinga si. Og i august i år leverte han oppseiing, opplyser Eithun.

Straffesaka er beramma i Fjordane tingrett 9. mars neste år.