Ein sjukepleiar frå Bergensområdet er under gransking av Helsetilsynet og politiet, etter at han skal ha hatt seksuell kontakt med ein pasient.

— Saka er meld til Helsetilsynet, og den er òg meld til politiet, seier Trond Søreide, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Bergen.

Søreide ønskjer ikkje å gå inn på kva sjukepleiaren skal ha gjort, men seier vedkomande ikkje lenger arbeider i Helse Bergen.

Bevis på mobil

Politiet stadfester at dei fekk saka inn i slutten av oktober, og at den er under etterforsking.

Kort tid etter at sjukepleiaren vart politimeld sende Fylkesmannen i Hordaland saka vidare til Helsetilsynet. I eit brev datert 25. oktober ber dei Statens helsetilsyn «om å vurdere om det er grunnlag for administrativ reaksjon» overfor sjukepleiaren. I brevet kjem det òg fram at Helse Bergen har ein mobiltelefon, der det skal vere opplysningar som kan vere relevant for saka.

Ein digital kopi av opplysningane frå mobiltelefonen er sendt til Helsetilsynet. Politiet vil òg få tilgang til mobiltelefonen, står det i brevet, som er signert fylkeslege Helga Arianson.

- Svært alvorleg

Arianson seier dei har fleire slike saker kvart år, og at dei blir tatt svært alvorleg.

— Sjølvsagt er dette alvorleg. I utgangspunktet har du ein ubalanse i maktforholdet mellom helsepersonell og pasienten, og slik åtferd blir sett på som ei utnytting av ein posisjon, seier Arianson, som ikkje kan uttale seg om denne konkrete saka.

Ho seier det ikkje spelar noko rolle for alvoret i saka om pasienten skulle ha samtykka.

— Nei, det blir ikkje tillagt vekt i vurderinga, seier ho.

- Kva reaksjonar kan vere aktuelt overfor helsepersonell som har ein seksuell relasjon til ein pasient?

— Viss vi kan dokumentere at det har skjedd eit seksuelt overgrep, så vil åtvaring eller tap av autorisasjon vere dei reaksjonsformene Helsetilsynet har, seier ho.

Flest menn

Seksuell kontakt mellom helsepersonell og pasient er den nest mest vanlege årsaka til at helsearbeidarar mister autorisasjonen her i landet. Den vanlegaste er bruk av rusmiddel.

Ein gjennomgang avisa VG gjorde i fjor, viste at i åra 2001 til 2011 har 79 helsearbeidarar mista autorisasjonen etter å ha utnytta pasientar seksuelt. Dei fleste av desse var legar, og menn i 40-60-årsalderen er overrepresentert.

— At det er eit fleirtal av menn stemmer òg med mitt inntrykk, men det er ikkje absolutt. Vi har hatt dømer på det motsette òg, seier Arianson.

Strengt lovverk

Det er strenge reglar for helsepersonell sin omgang med pasientar.

Helsetilsynet skriv i sin rådgjevar til arbeidsgjevarar i helsevesenet at «etablering av nære personlige relasjoner mellom helsepersonell og pasienter er i strid med kravet til forsvarlig og omsorgsfull helsehjelp i helsepersonelloven §4».

Kravet til å skilje rollene som privatperson og helsepersonell gjeld ikkje berre seksuell kontakt. Andre døme på rolleblanding er der helsepersonell går inn i ei hjelperolle som hindrar at pasienten får rett hjelp, eller der pasienten overtalar helsepersonell til å gje behandling som ikkje er fagleg god.

Eit tredje døme er at helsepersonell inngår venskap med ein pasient med uærlege motiv, som å få gåver eller bli gjort til arving.