No er Sunnfjord-kvinna fradømt retten til å vere sjukepleiar dei neste to åra, 60 dagars fengsel og 3000 kroner i bot.

I Sunnfjord tingrett tilstod kvinna i 40-åra å ha stole mellom tre og seks hundre tablettar av typen Pinex og Paralgin Forte samt nokre titals tablettar av typane Aporex og Dolcontin.

Då ho vart pågripen på jobb i heimesjukepleien i fjor haust, fann politiet meir enn 40 narkotiske tablettar i handveska hennar. Tjuveria skjedde frå medisinskapet ved ein kommunal sjukeheim, medan kvinna var tilsett i heimesjukepleien.

På punktet der ho var tiltala for å ha køyrt bil i pillerus, nekta kvinna straffeskuld og vart frifunnen av retten.

I skjerpande retning påpeikar tingretten at tjuveria og misbruket skjedde medan kvinna var på vakt. Det er ikkje prova at pasientane vart skadelidande av misbruket. Retten framdømmer ho retten til yrket i to år, og viser til at ho har stole medikament i stort omfang og at sjukepleiaryrket krev ålmenn tillit.