Turisten blei innlagt med sprukken hovudpulsåre, og det stod om minuttar. Til alt hell var det på vakt ein lege med mangeårig kompetanse på fagfeltet karkirurgi, melder avisa Sunnhordland.

Normalt blir slike pasientar vist til spesialavdelingar på Haukeland universitetssjukehus eller Haugesund sjukehus. 40 — 60 prosent av pasientar med hol på hovudpulsåra overlever etter innlegging på spesialavdelingar, ifølgje avisa.

Legen på vakt på Stord sjukehus brukte naudretten sin til å operera, og berga livet til pasienten.

I tillegg stilte tilsette på sjukehuset opp og gav blod slik at operasjonen kunne gjennomførast.

— Det var mange som bretta opp armane, for å seia det slik, seier ei anonym kjelde ved sjukehuset til Sunnhordland.

Hendinga bar til i byrjinga av juni. Fungerande fylkeslege i Hordaland, Svein Hindal tykkjer det høyrest ut som om Stord sjukehus handla fornuftig og gjorde ein svært god innsats i ein livstrugande situasjon.