Kring 300 var møtte fram til møtet i regi av Selje Ap i forsamlingshuset på Leikanger på Stadlandet i går kveld. Her starta Tord Dale, Aps statssekretær i Helse— og omsorgsdepartementet, innleiinga si med å slå fast at regjeringa har gjort sitt vedtak i sjukehussaka, og at det ikkje blir gjort om. Ifølgje fjordabladet.no, som var til stades på møtet, skal ei rekkje av dei frammøtte deretter ha reist seg og gått i protest.

Før Dale fekk ordet hadde ein av initiativtakarane til møtet, Margareth Olin Leiv, i ein appell karakterisert regjeringsvedtaket om å avvikle føde- og ortopediavdelinga ved sjukehuset på Nordfjordeid som ein katastrofe.

– Eg kjenner meg som andrerangs borgar av Norge. Vår tryggleik som innbyggjarar i ein Nordfjord-kommune er blitt sterkt truga av eit vedtak fatta av landets regjering. Vi ser no dominoeffekten av å kutte sentrale delar av eit sjukehustilbod vi må ha, for å vere attraktive som bu- og arbeidsområde også etter 2012. Vi fryktar utviklinga for vår region og finn oss faktisk ikkje i det, sa Leivdal.

Selje Ap blei i fjor vår lagt ned i protest mot sjukehussaka, men partilaget blir no prøvd starta opp att.