Neste år feirar Haukeland Universitetssjukehus, tidlegare Haukeland sjukehus, 100 år. Problemet er at jubilanten ikkje finst lenger etter at Haukeland vart innlemma i Helse Bergen HF i 2002.

— Haukeland som har eksistert sidan 1912, er i ferd med å forsvinne som 100-åring, seier Mona Høgli, kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen.

- Vil redde namnet

Formelt er det berre Helse Bergen HF som eksisterer i dag. Haukeland Universitetssjukehus er ikkje-eksisterande på organisasjonskartet til Helse Bergen. Og medan Helse Bergen blir nemnt stadig oftare, blir Haukeland Universitetssjukehus nemnt stadig sjeldnare. No er sjukehusleiinga redd for at Haukeland skal bli gløymd.

— Vi opplever at Haukeland-namnet forsvinn meir og meir i offentlege samanhengar som internett, e-post og media. Vi vil redde Haukeland-namnet før det forsvinn for godt, seier Høgli.

Opp i styret i dag

Torsdag tek styret i Helse Bergen stilling til om føretaksnamnet skal endrast frå Helse Bergen HF til Haukeland Universitetssjukehus HF. Høgli viser til fleire andre lokale helseføretak som har namn etter universitetssjukehus, mellom anna Aker universitetssykehus HF og Universitetssykehuset i Nord-Norge HF.

— Namnet Haukeland Universitetssjukehus har god klang og står sterkt hos folk. Dessutan blir pasientar innlagde på sjukehus, ikkje i føretak, seier Høgli.

— Men kor klokt er det å bruke helsekroner på eit namnebyte?

— Vi kjem ikkje til å bruke pengar på dette! Skilt skiftar vi ut, når dei skal skiftast av andre årsaker. Å byte logo på e-postar, internett eller brevpapir krev heller ikkje allverdas ressursar, forsikrar Høgli.

Bogsnes angrar

Anne Kverneland Bogsnes var den første styreleiaren i Helse Vest RF, som eig Helse Bergen HF. Det var dette styret som i 2001 bestemte at det lokale helseføretaket skulle heite Helse Bergen.

— Er det noko eg skulle ha gjort om igjen, så er det å halde på namnet Haukeland Universitetssjukehus. Det er kjend og står for kvalitet, seier Bogsnes.

Bogsnes, som seinare vart direktør i Helse Bergen, seier at det ikkje var bevisst at Haukeland-namnet skulle forsvinne, men styret ville at helseføretaka skulle ha einskaplege namn.

— Men då vi vart heitande Helse Bergen, måtte vi heile tida forklare kven vi var. Eg skjønar godt at dei vil ha namnet sitt tilbake, seier Bogsnes.

- Går ikkje langt nok

Den siste direktøren for Haukeland sjukehus, Egil Haugland, er veldig glad for at namnesaka kjem opp i styret.

— Det er heilt klart eit steg i rett retning, men det går ikkje langt nok etter mi meining. Vi treng ikkje å heite universitetssjukehus, men burde berre halde på merkenamnet Haukeland sjukehus. Ingen er i tvil om at vi er eit universitetssjukehus, seier Haugland, som slutta som direktør i 2002.

Styreleiar Ranveig Frøiland i Helse Bergen seier ho ikkje har bestemt seg for om ho synest det er ein god idé å byte namn igjen.

— Vi må sjå om det er stemning for dette i styret. Om det er det, så vil eg diskutere det med eigaren vår, Helse Vest. Eg har forstått at folk på Haukeland er frustrerte over at namnet er vekke, seier Frøiland.

Synspunkt på saka? Syng ut her.