Overlege Jon Sverre Arnestad ved medisinsk avdeling på Nordfjord sjukehus seier seg lei for det som skjedde. — Dette var ei ulukkeleg hending.

Granskar dødsfallet

Statens helsetilsyn i Sogn og Fjordane granskar no dødsfallet som skjedde ved sjukehuset på Nordfjordeid rett før jul.

— Vi ser alvorleg på denne saka, seier fylkeslege Petter Øgar.

Det var i desember at den eldre kvinna blei innlagt på Nordfjord sjukehus, etter at fastlegen hennar hadde konstatert alvorleg blodmangel. Ved innlegginga tok sjukehuset rutinemessig EKG. Dette er ei registrering av den elektriske aktiviteten i hjartet, og blir brukt til å diagnostisere hjarteinfarkt eller forstyrringar i hjarterytmen.

Blei aldri sjekka

Pasienten måtte fleire gonger få tilført blod under opphaldet. Etter kvart tok legane til å frykte at blodmangelen kvinna leid av, kunne skuldast indre blødingar i tarm eller magesekk. Dei var også redde for at kvinna kunne ha ein svulst.

Sjukehuspersonalet ønskte difor å undersøkje tjukktarmen ved hjelp av ein sonde med eit kamera. Men før dette kunne gjerast, måtte tarmen tømmast. Kvinna blei difor gitt ein mikstur for å få sett i gang prosessen. Ein time etter at ho hadde drukke medisinblandinga, blei kvinna funnen død på rommet.

— Undersøkinga sjukehuset skulle til å gjennomføre er ei stor belastning for kroppen, ikkje minst i dette tilfellet der pasienten var ei eldre dame. Behandlingsopplegget ville neppe blitt sett i gong, dersom legane hadde kjent til hjarteinfarktet, seier fylkeslege Øgar.

Det vedgår også overlege og seksjonsleiar Jon Sverre Arnestad ved medisinsk avdeling på Nordfjord sjukehus:

— Hadde vi visst at kvinna hadde eit infarkt, ville vi ikkje gått i gang med ei slik undersøking.

Ingen indikasjonar

Fylkeslegen er kritisk til at EKG-testen som blei teken ved innlegging, aldri blei vurdert.

— Kva er vitsen med å ta prøver, dersom ikkje resultata blir vurderte? spør Petter Øgar. Helsetilsynet har oppretta sak, og vil no be partane uttale seg.

Overlege Arnestad meiner sjukehuspersonalet blei for fokuserte på årsaka til at kvinna blei lagt inn.

— Pasienten sa ikkje noko om at ho hadde eller hadde hatt smerter i brystet. Vi hadde ingen indikasjonar på hjartefeil, seier seksjonsleiaren.

Det var sjukehuset sjølv som varsla om den tragiske hendinga, slik lova pålegg dei. I tillegg melde sjukehuset også frå til politiet, men dei har etter det Bergens Tidende kjenner til overlate granskinga av saka til fylkeslegekontoret. Næraste pårørande blei orienterte same dagen kvinna døydde. Norsk Pasientskadeerstatning er informert, og saka er også sendt til kvalitetsutvalet i Helse Førde.

— På eiga hand har vi her ved sjukehuset gått gjennom og innskjerpa rutinane våre. Vi har understreka at prøvar som blir tekne skal lesast og skildrast så snart råd, seier Jon Sverre Arnestad.

Det var i samband med obduksjon at infarktet blei oppdaga.

— Dei vi gjekk tilbake og studerte EKG-prøvene som blei tekne ved innlegging, viste desse teikn på hjarteinfarkt.

Arnestad seier seg lei for det som skjedde.

— Dette var ei ulukkeleg hending.

BEKLAGAR: Overlege Jon Sverre Arnestad kallar dødsfallet ei ulukkeleg hending. Rutinane er skjerpa inn etter at ei eldre kvinne døydde av ein hjartefeil som burde blitt oppdaga.
Øystein Torheim