Frå 1. september innførte Helse Førde nye køyrereglar ved akuttmottaket. Dei meir erfarne legane skal i større grad ta den første vurderinga av pasientane. I tillegg er det krav om at legen sitt første møte med pasienten skal skje seinast 30 minutt etter framkomst.

I vår var liggetida i mottaket 2,8 timar i snitt. Første månaden etter at nyordninga kom på plass, var liggetida nede i 2,1 timar. Så langt i oktober er liggetida nede i under to timar, og Helse Førde er dermed best i Helse Vest når det gjeld å få pasientane raskt gjennom mottaket og inn på riktig avdeling, skriv Helse Førde på nettsida si.

Det har lenge vore reist kritikk mot at det er dei minst erfarne legane som møter pasientane når dei kjem med ambulanse til sjukehusa. Statens helsetilsyn har påpeika dette i landsomfattande tilsyn.

— Det er vanskeleg å sjå at det skal vere andre årsaker til at liggetida har gått ned, enn dei nye rutinane for mottak av akutte pasientar, seier Tom Ole Dyrstad, leiar for akuttmottaket, til Helse Førde.

Dyrstad seier effekten av dei nye rutinane er at pasientane blir raskare avklara og får lagt ein tidlegare plan for vidare behandling. Han legg ikkje skjul på at omlegginga har vore omdiskutert mellom legane.

— Etter mitt syn viser utviklinga at legane har slutta lojalt opp om dei nye rutinane.

— Kan dei nye krava i mottak ha ført til større press i andre avdelingar?

— Det kan vi ikkje sjå bort frå. Legeressursane samla sett har så langt ikkje blitt styrka.

Dei lovane resultata for akuttmottaket i Førde blir presenterte på styremøtet i morgon.