TERJE ULVEDAL

terje.ulvedal@bt.no

Oppmodinga kom på eit møte mellom leiinga og dei tillitsvalde. Hovudtillitsvald for sjukepleiarane ved Førde sentralsjukehus, Åse-Helen Aarflot, seier til Firda at ho oppfatta direktøren slik at det kunne gå ut over samarbeidet, dersom dei gjorde det.

— Eg føler at vi tillitsvalde har fått strengare restriksjonar på oss når det gjeld kontakt med media, enn vi hadde før, seier ho.

Styre i Helse Førde diskuterer i dag ein spareplan som, i fall han blir vedteken, vil få omfattande konsekvensar for sjukehusdrifta i Sogn og Fjordane.