– Dette var ein imponerande båt, seier Ottar Røyrvik i det han blir trilla i land på ei båre til den ventande sjukebilen på Leirvik.

For kreftpasienten frå Kvinnherad hasta det å koma til sjukehuset på Stord måndag i førre veke. Då var det greitt at overfarten frå Sunde til Leirvik tok berre 12 minuttar.

– Eg har reist mange gonger med den gamle båten. Den nye bråkar mindre og har mykje betre plass, seier Røyrvik før døra på ambulansen smell igjen.

Om bord i «Intensiv» er det ikkje vanskeleg å forstå kva han snakka om. Ei stor sjukestue med to bårer. Medisinsk utstyr sirleg plassert bak glasskap. Eit apparat for hjarteovervaking står parat.

– Her kan me senda EKG til sjukehusa via telefonline. Dermed kan me overvaka hjarteaktiviteten heile vegen, seier John-Olav Digranes regionleiar for ambulansetenesta i Helse Fonna.

Fødslar bak styrestolen

Ferja MF Odda ser ut som den parkerer på fjorden, når ambulanseskipper Øystein Føyen fer forbi i 30 knops fart.

– Båten brukar 320 liter diesel i timen. Dei er tørste desse hestane her, kommenterer han.

På den gamle båten var det berre eit forheng mellom skipperen og pasienten på båra.

– Eg hadde to fødslar om bord og høyrde kva som skjedde. Det er greitt å sleppa det, seier han nøkternt.

Med pasientar vel plasserte i eiga sjukestove, kan styrmannen utelukkande konsentrera seg om sjøen, radar, kartplottar, elektronisk kart, kompass, VHF og samband til AMK-sentralen.

Sistnemnde har til ein kvar tid kontroll med kor båten er og sender oppdrag direkte inn på skjermen i båten.

– Båten er større, betre og meir komfortabel. Eg trur ikkje vêret skal kunne stoppa han, seier Føyen.

Han får støtte av Johannes Tveitnes, dagleg leiar i Kvinnherad Båtservice AS. Selskapet eig båten og har kontrakt med HelseFonna.

– Denne båten har gått knappe 12 år i området ved Smøla. Det er vêrmessig eit av dei verste ambulansedistrikta i landet. Båten skal dermed vera trygg, seier Tveitnes.

– Ikkje vårt problem

Og trygg må båten vera skal han frakta sjuke pasientar i øyriket Sunnhordland frå Varaldsøy i nordaust til Espevær i sørvest.

Båten skal vera stasjonert på Sunde i Kvinnherad. Derifrå tek det berre 12-13 minuttar til Leirvik, 15 minuttar til Hodnanes på Tysnes, 35 minuttar til Varaldsøy og 50 minuttar til Espevær på Bømlo.

Lokalt både på Tysnes og Espevær har det vore ein del debatt om den nye ambulansebåten vil føra til endring for beredskapsferje og båt. Regionleiar John-Olav Digranes gjer det klart at «Intensiv» berre tek ambulanseoppdrag.

Espeværingane får dermed ikkje noko erstatning for beredskapsbåten som fram til nyttår kunne tingast utanom rutetidene til «Espeværsekspressen».

– Det er eigentleg ikkje vårt problem, seier Digranes.

Beredskapsferja på Hodnanes på Tysnes vil derimot ikkje bli råka av den nye ambulansebåten.

– Båten kan ved behov nyttast i staden for å køyra sjukebil heile vegen frå Tysnes til Stord. Slik unngår me at ambulanseberedskapen på øya blir svekt, men dette skal ikkje gå ut over beredskapsferja, lover Digranes.

Vel framme på Sunde legg båten til kai. Mannskapet er klar – til neste alarm.