No får Helse Førde sterk kritikk av Statens helsetilsyn. Fylkeslegen i Sogn og Fjordane meiner den manglande oppfølginga avdekkjer ein alvorleg svikt, og krev gjennomgang av rutinane.

Det var i samband med innlegging for hjarteinfarkt ved sjukehuset i Florø at det blei oppdaga ein svulst med diameter på åtte centimeter i levra på den no snart 80 år gamle kvinna. Funnet kjem fram røntgenskildringa. Det blei tilrådd vidare CT-undersøking for å finne ut om svulsten var vondarta, men slik undersøking blei aldri rekvirert.

Pasienten blei innlagt på Haukeland og nærare utgreidd for hjartesjukdommen. Men utan å bli undersøkt for mogleg kreft i levera.

Først eitt år seinare blei svulsten oppdaga på ny. Det skjedde etter at kvinna hadde vore på ny undersøking av hjartet, denne gongen på Førde sentralsjukehus. Då hadde svulsten blitt nesten dobbelt så stor, diameteren var no 15 centimeter. Det var også i samband med denne undersøkinga at det kom fram at den same svulsten hadde blitt oppdaga eitt år tidlegare.

Pasienten blei lagt inn på medisinsk avdeling, og det blei tatt prøver av leversvulsten. Analysar av prøvene viste at svulsten var vondarta. Kvinna hadde kreft.

Ved sjukehuset i Florø kan dei ikkje gje noko god forklaring på kvifor dei forsømde pasienten med leverkreft. I følgje fylkeslege Petter Øgars brev om avgjerda i tilsynssaka som er reist mot sjukehuset, kan seksjonsoverlegen ved medisinsk avdeling ikkje forklare kvifor pasienten ikkje blei utgreidd med CT som følgje av svulstfunnet. Den medisinsk ansvarlege har sagt seg svært lei for at nærare utgreiing blei forsømt frå deira side.

— Vi ser svært alvorleg på denne saka, og har bedt helseføretaket gå gjennom rutinane, seier Øgar.

Både pasienten og hennar pårørande har også reagert på at kvinna fekk melding om den alvorlege sjukdomen på telefon. Men slik situasjonen var, finn ikkje Helsetilsynet grunn til å kritisere Helse Førde for måten det blei informert på.

Fylkeslege Øgar støttar seg på opplysningar som viser at kvinna under opphaldet på Førde sentralsjukehus blei fortalt at det var mogleg av svulsten var vondarta. Pasienten blei godt informert over kva diagnosar som var aktuelle, og at det var reell fare for at det kunne vere kreft.

— Normalt blir det ikkje opplyst om kreftsjukdom over telefon, men i dette tilfellet blei det vurdert at det ikkje ville vere særleg betre for pasienten å bli kalla inn til lege for å få denne informasjonen. For pasienten blei dette vanskeleg. Men vi meiner det på ein tilfredsstillande måte er gjort greie for kva vurdering som blei gjort før pasienten blei informert om kreftdiagnosen over telefon, meiner fylkeslegen.