Sjukehus forbyr helsesko
Desse skoa er forbode på barneavdelinga ved Førde sentralsjukehus. På Haukeland har dei ingen problem med skoa.
- Publisert: 19.mar.2007 14:34
- Oppdatert: 19.mar.2007 19:16
Sjukehuset trur helseskoen Crocs er årsaka til at ei maskin til 35.000 kroner kortslutta. Ein sjukepleiar kom borti utstyret, og det oppstod ein elektrisk utlading med ein gneiste.
Teorien er at skoa skaper statisk elektrisitet i kontakt med golvbelegget. Isolasjonsevna er så god at elektronar ikkje blir utlada gjennom golvet, men i staden gjennom fingertuppane til brukarane.
– Tilsette fortel om problem med statisk elektrisitet når dei brukar skoa, fortel avdelingssjef Rolf Horne til NRK Sogn og Fjordane.
Greit på Haukeland
Maskina som havarerte blei brukt til
lysbehandling av born med gulsott. Maskinteknisk avdeling ved sjukehuset
undersøkjer no samanhengen mellom skoa og kortslutninga. Inntil vidare må
pleiarane finne anna skotøy.
På Haukeland universitetssjukehus har dei no sjekka om dei har hatt liknande tilfelle som i Førde.
- Helse Bergen har sjekka dette etter saka i Førde, og såvidt vi veit har det ikkje vore liknande tilfelle her. Derfor kjem vi heller ikkje til å sjå nærere på dette, og det vert ingen boikott av skoen, seier informasjonsdirektør i Helse Bergen, Mona Høgli til bt.no.
- Aldri høyrt om liknande
Hendinga fekk ingen konsekvensar
for ungen som var til behandling.
Dagleg leiar i Crocs Norge, Rikka Schuett, seier at skoa ikkje er anti-statiske, men trur ikkje dei kan ha ført til kortsluttinga.
- Vil tilrår ingen å bruke skoa i nærleiken av sensitive maskiner. Men at dei skal kunne gjere slik skade som her, har eg aldri høyrt om før. Eg reknar med at det kan vere snakk om kombinasjonar av fleire ting som har skapt situasjonen, seier Schuett til NRK Sogn og Fjordane.
Søk i skattelistene Topplister
Bilder
3 mest leste artikler »
-
Ble sendt hjem til søppelhaug
Alvorlig syk mann ble sendt hjem til dette huset. Sykehuset tar ikke selvkritikk.
-
Vestlandet på Google-kartet
Vestlandet er for alvor satt på Google-kartet. Se bildene her.
Vegrapport
-
Rv 60
Utvikfjellet
-
Rv 7
Hardangervidda
-
Hordaland
-
Hordaland
-
Hordaland
Følg alle skip direkte
Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.
På forsiden nå
- 16:44 Innbrudd i Griegpark
- 16:17 Branns sesongkortsvikt
- 16:16 - Hvem satte fyr på seilbåten?
- 15:14 30 døde i snøskred i Afghanistan
- 14:52 Gravid kvinne i kollisjon
- 14:12 Sol og skyer holder «giftlokket» unna
- 13:27 Avhoppere satser stort på Bryggen
- 13:12 Døde av overdose
- 12:35 Tilfeldig møte
- 12:18 Evakuert fra stanken
Webkamera
Søk i skattelistene
Hva koster egentlig nabohuset ditt?
Her kan du finne det ut! Prøv vårt boligsøk.


























































