Sjukehus forbyr helsesko

Desse skoa er forbode på barneavdelinga ved Førde sentralsjukehus. På Haukeland har dei ingen problem med skoa.

Sjukehuset trur helseskoen Crocs er årsaka til at ei maskin til 35.000 kroner kortslutta. Ein sjukepleiar kom borti utstyret, og det oppstod ein elektrisk utlading med ein gneiste.

Teorien er at skoa skaper statisk elektrisitet i kontakt med golvbelegget. Isolasjonsevna er så god at elektronar ikkje blir utlada gjennom golvet, men i staden gjennom fingertuppane til brukarane.

– Tilsette fortel om problem med statisk elektrisitet når dei brukar skoa, fortel avdelingssjef Rolf Horne til NRK Sogn og Fjordane.

Greit på Haukeland
Maskina som havarerte blei brukt til lysbehandling av born med gulsott. Maskinteknisk avdeling ved sjukehuset undersøkjer no samanhengen mellom skoa og kortslutninga. Inntil vidare må pleiarane finne anna skotøy.

På Haukeland universitetssjukehus har dei no sjekka om dei har hatt liknande tilfelle som i Førde.

- Helse Bergen har sjekka dette etter saka i Førde, og såvidt vi veit har det ikkje vore liknande tilfelle her. Derfor kjem vi heller ikkje til å sjå nærere på dette, og det vert ingen boikott av skoen, seier informasjonsdirektør i Helse Bergen, Mona Høgli til bt.no.

- Aldri høyrt om liknande
Hendinga fekk ingen konsekvensar for ungen som var til behandling.

Dagleg leiar i Crocs Norge, Rikka Schuett, seier at skoa ikkje er anti-statiske, men trur ikkje dei kan ha ført til kortsluttinga.

- Vil tilrår ingen å bruke skoa i nærleiken av sensitive maskiner. Men at dei skal kunne gjere slik skade som her, har eg aldri høyrt om før. Eg reknar med at det kan vere snakk om kombinasjonar av fleire ting som har skapt situasjonen, seier Schuett til NRK Sogn og Fjordane.

Les også

Siste fra Lokalt

Kranglete mann kom kjørende full på fest

Politiet rykket ut til Rosendal.

- Dette er så unødvendig

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha ramponert flere biler i Fabrikkgaten.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Krasjet på land med båt

Båtfører i 40-årene sendt til sykehus.

Relaterte bilder

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger