— Me har det så bra her i landet at eg synest me kan vera med og hjelpa til litt. Å rydda i skuffer og skap hos dei me besøkjer bør aksepterast, seier pårøranderepresentant ved Stord sjukeheim, Arne Aas Haugland til Bergens Tidende.

Grunna dei økonomiske vanskane i Stord kommune er også Stord sjukeheim med 39 pensjonærar pålagt å spara pengar. Resten av året blir det ikkje engasjert vikarar for reinhaldspersonalet. Golvvasken blir redusert.

På denne bakgrunnen er det at Arne Aas Haugland gjorde framlegg om at dei pårørande kunne ta eit tak. På frivillig basis.

- Forsvarleg vask

— I desse tider må me forvalta ressursane. Men me legg ikkje noko over på dei pårørande, dei har sjølve kome med framlegget. Ingen rom på sjukeheimen skal koma under forsvarleg standard når det gjeld reinhald, seier sjukeheimstyrar Britt S. Dalsgård.

Arne Aas Haugland gjorde også framlegg om at pårørande kunne delta med vask. Men der sette sjukeheimstyraren ei grense. Aas Haugland har registrert at andre pårørande ikkje er like begeistra for oppmodinga om å ta eit tak på institusjonen, som tek høg betaling for å ha dei gamle der.

— 75 prosent av trygdeytinga og 85 prosent av bebuaren sine midlar der det er aktuelt er ein betydeleg sum. Men så får óg dei gamle ei betydeleg omsorg 24 timar i døgeret, klede, mat, aktivitetar, legetilsyn og tannbehandling, seier styrar Britt S. Dalsgård.

Skriftleg oppmoding

— Det er tale om ein liten innsats med å rydda i skuffer og skap og tørka litt støv på rommet til dei me gjestar. Det er ingen tvang, men ei oppmoding til dei som kan og vil, seier pårøranderepresentant Arne Aas Haugland, som saman med sjukeheimstyraren har sendt ut oppmodinga skriftleg til sjukeheimbebuarane sine pårørande.

Leiar i Stord Eldreråd, tidlegare ordførar Werner Hagerup, understrekar også at pårørandeinnsatsen på sjukeheimen ikkje er noko pålegg frå kommunen si side.

— Det er dei pårørande som sjølve har gitt uttrykk for at dei vil delta. Det har óg med kontakt og trivsel å gjera, seier Werner Hagerup.