Det er sjukdom som gjer at Frostating lagmannsrett har utsett rettssaka. Handsaminga av anken skulle etter planen ha starta måndag 1. oktober. Men sjukdom hos prestens forsvarar, høgsterettsadvokat Tor Erling Staff, gjorde at saka vart utsett ei veke.

No er det altså klart at ankehandsaminga først startar etter nyttår. Datoen er så langt ikkje fastsett.

I Søre Sunnmøre heradsrett vart presten i fjor haust dømd til fengsel i fem og eit halvt år for utukt mot tre døtrer og ei vaksen kvinne. Mannen er den første prest i Den norske kyrkja som er dømd for incest. Heradsretten tok også frå presten retten til å praktisere, fordi dei meinte han hadde misbrukt stillinga si som sjelesørgar.

Men retten var delt. Dei to meddommarane gjekk inn for dom. Sorenskrivar Ingolv Joa ville derimot ha full frifinning. Han meinte bevisa aktoratet la på bordet i den åtte veker lange rettssaka i Volda, ikkje heldt til dom. Difor er det knytta stor spenning til ankesaka.

Mannen var tilsette i eit sokn i Ytre Nordfjord då saka mot han vart rulla opp, men han budde i Volda og hadde praktisert som prest der i mange år.

Då saka vart ført for heradsretten gjekk ho bak stengde dører. Dette vart gjort av omsyn til døtrene mannen skal ha misbrukt seksuelt. Ankesaka skal gå i Ålesund, og vert rekna å ta åtte veker.