— Eg er veldig nøgd med skytinga, men eg gjekk litt seint i sporet. Det seinka meg nok at eg har vore sjuk i to veker og at eg framleis går på penicillin. Kanskje hadde eg vore på pallen om eg ikkje var sjuk, seier Sondre Eide.

18-åringen frå Fusa debuterte som VM-deltakar då han konkurrerte på sprinten i junior-VM i Rupholding i går. Det enda med ein sterk åttandeplass, først og fremst på grunn av feilfri skyting.

— Eg merkar det er lettare å skyta når det betyr meir. Eg vert skjerpa av å vera med i VM, seier Eide.

I dag er det jaktstart. Eide har eit glitrande utgangspunkt etter sprinten i går.

— Eg får satsa på at eg vert raskare i sporet etter at eg no har hatt ei skikkeleg gjennomkøyring, seier Eide.

Stortalentets personlege trenar, Egil Gjelland, er med Eide i Rupholding.

— Det var ein kjempeprestasjon av Sondre å skyta feilfritt etter å ha vore sjuk i ei veke i forkant, seier Gjelland.

Han var ikkje overraska over den feilfrie skytinga.

— Sondre er god nok til det. Han er sterk, og no gjeld det berre å halda fram med den gode skytinga i jaktstarten òg, seier Gjelland.

Thomas Fenne frå Voss var sjuk og starta ikkje gårsdagens sprint.

Penicillinkuren overmannet Sondre Eide i sportet. ARKIVFOTO: ERIK VANGSNES