ARNE HOFSETH (tekst og foto)

— Her får vi mykje helse for kvar krone, kommenterer administrerande direktør Anne Kverneland Bogsnes overfor Bergens Tidende.

Avdelinga har berre to tilsette, på deltid. Til saman 0,8 årsverk. Likevel vil dei kunne utretta mykje for kronisk sjuke. Gjennom kurs og andre tiltak får pasientane læra om sjukdommen sin, og korleis ein skal meistra å leva med han.

— Vi satsar på samspel mellom brukarane og fagpersonell. Erfaringskunnskapen til dei som har levd med sjukdommen ei tid, eller pårørande, skal jamstellast med fagkunnskapen. Vår jobb er å føra partane saman, seier Jorunn Sivertsen til Bergens Tidende.

Ho er leiar av rehabiliteringsavdelinga ved Voss sjukehus, som den nye avdelinga sorterer under, og skal bruka 30 prosent av arbeidstida si der. Hilde Børve til tilsett som senterkoordinator i halv stilling.

Direktør Rolf Abrahamsen ved Voss sjukehus ser på utviklinga av LMS som ein revolusjon i helsevesenet. Erfaringskunnskap vert likestilt med fagkunnskap.

— Granskingar viser at pasientane jamt over er nøgde med sjukehusopphaldet. Etter utskriving føler dei seg overlatne til seg sjølv. Dei kan ha mange spørsmål det er vanskeleg å få svar på. Ein sjuk mann veit mangt som den sunne ikkje aner. Om ei stund vil vi spørja oss sjølve kvifor vi ikkje fann på dette før, seier Abrahamsen.

Senteret er lokalisert til sjukehuset si avdeling Rogne, det tidlegare internatet til Rogne vidaregåande skule i Voss sjukehus sitt næraste grannelag.

Medrekna Voss er det no 36 slike sentra her i landet. Første tilbodet til diabetikarar kjem i Kvam på nyåret. På Voss ligg eit kurs for brystkreftopererte fremst i løypa.

I HUS: Direktør Anne Kverneland Bogsnes (t.v.) og avdelingsleiar Jorun Sivertsen kunne gle seg over greie lokale til det nye lære- og meistringssenteret på Voss.