Ungane har lagt seg. Stein Helge Mandelid seier til kona at han må jobbe, går inn på arbeidsrommet og loggar seg på.

På Gaysir, ein digital møteplass for homofile, chattar han med ukjende menn. Når kona kjem inn, svitsjar han nettside lynraskt.

Lenge hadde han vore ein lukkeleg mann. Godt gift, sju flotte ungar, glad i lærarjobben. Men etter kvart som Mandelid nærmar seg 40-åra, forandrar han seg. Han snur seg etter menn på gata, stirrar på menn på bussen, sjekkar opp menn på nettet.

— Eg klarte ikkje å stoppe. Eg mista fullstendig kontrollen.

Kona får ein snikande mistanke om at ikkje alt er som det skal. Mannen har plutseleg fått kameratar. Han, som heile sitt liv berre har hatt venninner og feminine hobbyar! Til slutt spør ho han rett ut.

— Er du homofil?

Idealfamilien

Heilt sidan Mandelid var ung drøymde han om å gifte seg og få barn.

— Det var det eg ville med livet. Eg kikka på gutar, men visste ikkje kva det var. At eg kunne vere homofil, hadde eg ingen ide om. I dag tenkjer eg at eg var både naiv og kunnskapslaus.

18 år gammal forlova han seg første gong med ei jente. Fem år seinare hadde han møtt ei ny, som han gifta seg med. Det vart starten på eit stort familieprosjekt. Ekteparet fekk sju barn. I tillegg tok dei til seg fleire fosterbarn.

— Det var ein veldig god periode i livet mitt. Vi fungerte godt som familie.

Men dragninga mot menn vart sterkare og sterkare, og til slutt altoppslukande. Familiemannen levde eit parallelt liv. Han vart nedstemt og ulykkeleg. Fekk katastrofetankar.

— I den verste tida låg eg om nettene og tenkte på kor det ville vere best å hoppe i Vosso. Neste morgon var tanken vekk. Sjølvmord var aldri aktuelt.

Pappa er homse

Inntil 1972 var sex mellom menn straffbart i Norge. I 2012 skal alle ha like rettar, uavhengig av seksuell orientering og kjønnsidentitet. Homofile og lesbiske kan inngå ekteskap på lik linje med heterofile, eller jobbe som prestar i Den norske Kyrkja.

Haldningane til lesbiske, homofile og bifile er også blitt meir positive, viser forskning. Likevel lever mange i skapet, slik Stein Helge Mandelid gjorde. Eit nytt forskingsprosjekt ved Uni Helse skal prøve å finne ut kvifor (sjå neste side).

Mandelid klarte ikkje å vri seg unna, den haustkvelden for ni år sidan, då kona bad han svare ærleg. Alt rakna, inkludert idealfamilien.

— Eg hadde levd på ein draum om at dette skulle gå over. Eg hadde jo klart å undertrykkje desse følelsane før utan problem. No var det ingen veg tilbake. Kona vart djupt forvila.

— Og ungane dine?

— Det var utruleg vanskeleg for dei. At mor og far går frå kvarandre, er som regel traumatisk nok for barn. I tillegg var pappa blitt homse.

Katta ut av sekken

I løpet av få dagar fekk familie, vener og kollegaer vite kva som hadde skjedd. Verda gjekk ikkje under. Folk flest tok det fint.

På Gaysir møtte han mannen i sitt liv. For snart to år sidan gifta han seg med Kjell-Erik Ruud, som flytta frå Oslo til Voss.

I dag er dei sju barna i alderen 10–24 år. Dei tre yngste er på Voss annakvar helg.

— Eg er utruleg heldig som har så flotte barn. Dei er det viktigaste i livet mitt i tillegg til mannen min.

— Barna må ha følt at du sveik dei?

— Dei har takla det bra, men det er ikkje lett å vita kva tankar kvar og ein sit med. Det kunne ha rakna fullstendig. Men eg må rose mora for at ho ikkje bygde opp under avstanden mellom meg og barna. Eg har eit veldig godt forhold til ungane, som støttar meg.

- Kom deg ut!

Mandelid seier at livet er blitt mykje enklare etter at han kom seg ut av skapet. Endeleg kan han vere ærleg.

— Å leve på ei løgn gjer noko med deg. Det blir fort fleire løgner. Å ikkje kunne fortelje andre om noko så viktig i livet til andre enn anonyme personar på nettet, er ikkje bra for nokon.

— Kva vil du seie til andre som lever i skåpet?

— Mitt klare råd er: Kom deg ut! Det kjem til å bli langt lettare enn du det du har sett for deg i dine verste fantasiar.

KOM UT, KOM FRAM: I mange år undertrykte familiefaren Stein Helge Mandelid at han var homoseksuell. - Om du lever heterofilt, men er homofil, er det ikkje bra for nokon. Spesielt ikkje for den du deler livet med, seier 49-åringen. - I dag er eg trygg på kor eg er i livet. Her skal eg vere.
RUNE SÆVIG