Sjuåringen blei sendt i ambulanse til Stord sjukehus etter ei hard oppbremsing på ein busshaldeplass på Heiane på Stord i dag. Politiet fekk melding om ulukka klokka 13.10.

— Det var eit uhell i ein buss. Sjåføren kontakta sjølv ambulanse, og guten blei køyrd til sjukehus, opplyser Svein Roald Vikse ved Operasjonssentralen til Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Ifølgje politiloggen skal barnet ha blitt kasta mot interiøret då bussen stansa brått. Ein politipatrulje blei sendt til staden for å gjera undersøkingar.

Stord sjukehus kunne ikkje gje opplysingar om tilstanden til guten då bt.no tok kontakt.