1. Mangla tog – og førar

20–30 minutt etter at brannen er oppdaga, blir brannmannskap og brannbil sendt til lokstallen på Voss. Der manglar både trekkaggregat og fører, slik at toget ikkje kan køyre.

2. Ikkje nok kraft

Når den første skjenetraktoren kjem til Hallingskeid for å trekkje ut det bakre togsettet, viser det seg at den ikkje har nok trykkluftkapasitet til å løyse bremsene på toget og dermed redde det frå brannen.

3. Snakka ikkje saman

Frå brannen blir meldt til brannsjefen overtek som skadestadsleiar, er det ingen kommunikasjon mellom partane.

4. Defekt brannbøtte

Når helikopteret kjem med brannbøtte til sløkkjearbeid klokka 11.40, viser det seg at bøtta er defekt. Først klokka 12.30, to og ein halv time etter brannen blei varsla, er brannbøtta reparert og kan bli tatt i bruk.

5. Mobiltrøbbel

Politiets skadestadsleiar får låne ein GSM-R-telefon av Jernbaneverket. Denne fungerer berre enkelte plassar på Hallingskeid. Ombordpersonalet opplever også at GSM-R-telefonen raskt går tom for straum.

6. Venta med vatnet

Først tre timer etter brannen blei varsla, blir det sendt mannskap med vassvogn frå Ål. Den kjem to timar seinare (klokka 15.00), men ingen varslar brannmannskapet. Då dei endeleg blir gjort kjent med vassvogna klokka 19.00, viser det seg at pumpa ikkje fungerer.

7. Kom seks timar etter

Klokka 16.00 avsluttar politiet redningsaksjonen. Klokka 16.10 kjem toget frå Voss med brannbil og ei vassvogn, seks timar etter at brannen blei varsla.