To vart pågripne i slutten av førre veke, dei fem siste vart tatt i løpet av helga i Førde, Høyanger og på Ringerike.

Fem av dei pågripne er frå Sogn og Fjordane, to er frå Ringerike, men vart pågripne i Sogn og Fjordane.

To av dei sikta vart framstilt i forhøyrsretten og varetektsfengsla før helga, medan det ikkje er planar om nye fengslingar i saka mandag. På grunn av etterforskinga er politiet varsame med å oppgje kor stort beslag det er tale om, men seier at det er det største narkotikabeslaget i fylket.

Det er snakk om stoffa amfetamin, rohypnol, og hasj. Politiet ser ikkje vekk frå at det kan komme ytterlegare beslag eller pågripingar i dagane framover.