Utrykkingspolitiet har vore på vestlandsvegane i vinterferien.

Fangsten vart 138 forenkla førelegg for stor fart sist veke. 22 fekk gebyr for ikkje å ha på seg bilbelte. Utrykkingspolitiet er ikkje heilt ferdig med oppteljinga, så det kan vera fleire som er tatt. Tala frå kontrollar som politiet elles har hatt i vinterferieveka, er ikkje tatt med her.

— I tillegg er sju bilistar meldt og er fråteke førarkortet, seier sjefen for Utrykkingspolitiet på Vestlandet, Leon Nordanger, til bt.no.

**Les også:

Kjørte forbi på innsiden**

Uforsvarleg med vogntog

Her er nokre døme på kvifor folk mista førarkortene.

Onsdag 2. mars køyrde eit vogntog uforsvarleg forbi ein annan bil på E16 nær Dale, om lag klokka ni om kvelden. Den 62 år gamle vogntogsjåføren mista sertifikatet.

Stoppa ikkje for politiet

Torsdag 3. mars klokka 19.50 nekta ein kar å stoppa for politiet på fylkesveg 57 i Kjevikdalen i Lindås kommune.

Han skal ikkje ha kome med nokon særskilt grunn for ikkje å stoppa i politikontrollen. De 35 år gamle mannen mista førarkortet.

På Hisdalsflaten i Samnanger vart ein 54 år gammal mann tatt i 117 km/t i 80-sona. Han mista og retten til å køyra bil ei tid.

— Til saman har vi kontrollert 758 bilistar i vinterferieveka. Alle var edru og det er jo bra. Alt i alt er eg godt nøgd med resultata av desse kontrollane, seier Leon Nordanger.