Jusstudent Erlend Sand kjøpte seg ein seglbåt, la frå kai i Oslo og sette kurs for Bergen. Turen skulle ta fem veker. Dryge åtte månader seinare er han endeleg framme.

Som liten fekk Erlend ei bok av bestefar sin om «Shetlands-Larsen». Han frakta flyktningar og agentar mellom Norge og Shetland under andre verdskrig. Det vekte ein draum om båt med vind i segla, og for konfirmasjonspengane kjøpte Erlend seg ei jolle. Dei siste ti åra har Oslo, politikken og jusstudium teke over for siglinga, heilt til den rette anledninga baud seg tidleg i fjor haust.

— Det var utruleg godt å leggje frå kai i Oslo i september i fjor. På denne turen har eg blitt betre kjend med båten og meg sjølv, og eg har fått testa draumen i røynda.

Seiler 2.jpg

— Når problema oppstår er det viktig å setje seg ned og vurdere om dette står i vegen for draumen eller om det kan fiksast, seier Erlend.Meirsmak er ikkje sjølvsagt etter åtte månader der mykje av det som kunne gå gale gjekk gale. To motorhavari, to øydelagde seil, mannskap som kom og gjekk og vindar som ikkje ville blåse er berre nokre av utfordringane Erlend har støtt på undervegs.

Motvind og mørke

— Det mørkaste er å stå om natta og høyre på bølgjene og dramatikken rundt deg og kjenne på at du har hatt for lite vind og kroppen er sliten. Du veit at båten klarar brasane, det er deg det står på. Du sjølv må motivere deg til å halde auga opne og hovudet kaldt.

Ein episode som var særskild dramatisk for Erlend skjedde ei uvêrsnatt på Rogalandskysten. Først revna det minste forseglet, kort etter rauk festet til bomuthalaren slik at Erlend mista all kontroll over båten. Erlend hadde to val. Anten kunne han leggje ut eit drivanker og håpe at batteriet heldt liv i lanternene slik at skipstrafikken såg dei, eller så kunne kan tilkalle hjelp.

Over Rogaland radio tilkalla han redningsskøyta. Dei sende ein tankbåt som var i området for å undersøkje om liv stod på spel og setje ein lyskastar på den vesle seglbåten der den låg styringslaus i bølgjene.

— Det var ei tryggleik i det lyset og å vete at redningsskøyta var på veg, hugsar Erlend.

Etter 20 minutt kom redningsskøyta og slepte seglbåten trygt i hamn.

— Når eg tenkjer tilbake er det skumlaste at eg først då oppdaga at eit sår eg hadde sydd på låret hadde gått opp att. Under regnbuksa og adrenalinet hadde eg ikkje merka noko som helst. Det sette ein støkk i meg og lærte meg kor lett det er å oversjå feil på meg eller båten når eg siglar åleine.

Lærdommen

Trass i motgang angrar ikkje Erlend på turen.

— Eg angra på konkrete feil eg gjorde, som til dømes at eg ikkje sjekka motoren eller seglet grundig nok. Samstundes er motgangen ein del av å lære båtlivet. Etter dette håpar eg det blir sol og smult farvatn, seier Erlend med eit smil.

— Eg veit mentalt at om det kjem motgang så vil eg takle det. Det å ha opplevd å finne løysingar på problem og finne ein veg gjennom motgang gjev ei ro og ei tryggleik i møte med nye utfordringar, seier Erlend.

Vilja til å våge å følgje draumane er noko av det Erlend håpar å ta med seg inn i andre område av livet.

— Om det buttar imot gjeld det å ta tak i alvoret i problemet utan å gjere problemet større enn det er.

— Ein lærer mykje på ein slik tur. Om båten, om havet, om å planleggje og ikkje ha kontroll likevel. Respekten for havet har bygd seg opp. Det er vinden som styrer tempoet, ikkje eg. Eg har lært å sjå både fare og venleik i både storm og sol.

Det vakraste

Å vakne av sola og vere ute til den går ned og lytte til musikk og sine eigne tankar, å leve i notida og ikkje bere sjå på neste avtale, å nyte dei situasjonane ein får og dei møta ein får med andre menneske og å fokusere på kvar ein er i staden for korleis ein tek seg ut, er gode Erlend har fått erfare på turen.

— Eg har fått sett heile sørlandskysten, små hamner og fiskevær som eg aldri ville oppdaga elles. Det har vore mange flotte naturopplevingar på denne turen.

— Det flottaste av alt var likevel å sigle inn mot Bergen i går kveld. Det var sol og ganske flatt hav. Eg såg solnedgangen og då eg kom under Sotrabrua såg eg lysa på Fløyen, målet i sikte. Då var det som ei bør vart løfta av meg og eg kjende meg full av glede i kroppen.

Frå ope hav til lesesal

No ventar tunge bøker og tronge lesesalar den seglande jusstudenten.

Varig landfast er det likevel lite som tyder på at han blir. Allereie rører det seg i nye draumar som vil prøvast ut på verda.

— Eg har lenge hatt ein draum om å sigle i Lofoten og å sigle same ruta som shetlandsfararane under andre verdskrig.

— Er det sjølvpining eller livsnyting å leggje ut på ein slik tur?

— Eg trur ikkje at verken livets reise eller ei sjøreise består av berre oppturar. Medgang må vi ta innover oss og motgang må vi møte. Det er ei livsreise på godt og vondt.